Her deler eg min erfaring frå eit løp der man risikerer å miste meir enn tid – og kor det å krysse målstreken betyr å ha beseira noko langt større enn distansen.

Alice Springs – i bushen

Ved framkomst på flyplassen i Alice Springs fekk eg umiddelbart kjensle av korleis naturen var – brutal. Den raude, ørken jorda, krattskog og endelause vidder under ei steikande sol – dette var ikkje eit postkort – men Northern Territory. Dette er Arrernte-folkets land med ei historie som strekkjer seg 50 000 år tilbake i tid. Alice Springs er omringa av MacDonnell-fjella, tørre elveleie og fantastiske steinformasjonar som er henta frå ein annan planet. Her er også fleire nasjonalparkar, mellom anna West MacDonnell Ranges og Finke Gorge som danner ramma for konkurransen – The Track.

Eg vart åtvara av taxisjåføren om å ikkje gå ut frå hostellet eg budde på etter solnedgang, for berre ei veke tidligare hadde to personar vorte angrepne med machete. Eg hadde lest meg litt opp på kultur og historie – så er var med litt forståing for situasjonen: Ein stor del av urbefolkninga i området har inga utdanning og med liten tilgang til arbeid. Mange er derfor avhengige av sitt lokale NAV-kontor og sosiale ytelser som kommer frå statlige ordningar og kompensasjonar for gruveindustrien på landjorda som urbefolkninga eig. Dette danner grunnlag for alkoholmisbruk og gambling som i kombinasjon med manglande helsetilbod har det skapt ein sårbar sosial struktur.

DrivIn sprit-utsalg


Alice Springs har ei befolkning på 25 000, der 25 % tilhøyrer urbefolkninga. Her er det sosiale kontraster der på den eine sida er kunst, kultur og samhald – på den andre sida sosiale utfordringar, marginalisering og ei kolonihistorie som framleis speglar samfunnet som ein mørk skugge. Alice Springs er i tillegg sentralt for militær og etterretningsaktivitet med satellittbasen Pine Gap ikkje så langt unna.

Hyggelig gjensyn med gamle krigere

Etter eit par dager i handlegata med ny cowboyhatt var det endelig tid for å møte arrangør og andre deltagere. I bakgården til eit hotell blei dei rotlause deltagerne tildelt tidspunkt for komme til kontroll av utstyr – noko som gjekk fint for meg. Men der var andre som måtte på byen for å kjøpe tilfredstillende utstyr før dei fekk startnummer. Seinare vart det kontroll av mat kalorier som skulle være på minimum 20.000 kalorier fordelt på 10 dager der det var vektmessig likt fordelt på ryggsekk og dropbag. Dropbag ville kunne bli plukket opp etter halvløpt konkurranse.

Vi blei så kjørt med buss i ein times tid ut i ødemarka til første teltleir. Det var ein «befrielse» frå alle valg og muligheter – for nå var det eg og ryggsekken for dei neste ti dagane.
Etter å ha løpt ein tur til område med mobildekning, sendt ein epost så sovna eg godt – med gode øreplugger. For der ute var det fortsatt nokon som var nervøs og rastlause for dei komande dagane – med god grunn.

#1

Dagen etter starta eg rutinemessig der eg spiste den første av tretti Real Turmat poser, denne med frukost og påfølgande kopp med kaffi før do-besøk og start på konkurransen. Ved start klargjorde eg litt smågodt, nøtteblanding, en liter cola og halv liter vatn. Eg har alltid ei flaske med reint vatn – då kan eg skylle øye, rense sår og kjøle ned kroppen i tillegg til å drikke det. Denne kommende etappen var i følge «ClimbPro» på min Enduro 3 den første av to etapper med over tusen høydemeter – noko eg liker. Varmen slo mot meg allereie idet vi forlot vannholet i Tjoritja og for opp West MacDonnell-fjella. Eg sprang og småklatra opp på dei raude steinryggene av kvartssand medan nokre vandrefalkar segla ovanfor oss. Løypa var enkel å følge då den går på ein godt brukt sti, men den hadde nokre bratte stigninger som fikk andre til å redusere tempo betraktelig. Jeg var mer aggressiv og komfortabel i fjellet som hadde en skarp berg og stein type som skader deg brutalt om du faller. Kvar gong stien dukka ned i ei skuggefull kløft kjende eg ein svalt bris før sola igjen brann i nakken.
I etterkant av etappen fikk jeg vite at det var to konkurrenter som falt i fjellet, hvorav den ene så stygt at han var ute av konkurransen.

Ellery Creek to Serpentine Gorge

#2

Terrenget for 2. etappe var svært lik som dagen før, men litt meir teknisk. Vi starta tidlig og himmelen flamma i rosa over Heavitree Range medan eg følgde Larapinta-ryggen. Talet på høgdemeter hedde eg kontroll over men kom overraskande for fleire andre, og i dag og framover ville det være tidsfrister for å nå oppsatte kontrollpunkt i løypa. Ormiston Gorge opna seg seinare som eit teglraudt amfi, og då eg til slutt sprang ned mot det tørre leiet til Finke, skjønte eg at eg var i den omtalte elvedalen som er eldst i verda. Det var fem personar som ikkje klarte å fullføre heile etappen innan tidsfristen som var på romslige ti timar. Det må vera ein fortvilt situasjon å ikkje ha nødvendig kapasitet så tidleg i konkurransen. Dei som ikkje rekk tidsfristane blir tatt ut av konkurransen for den aktuelle dagen, men vil få starte opp igjen kommende dag for å samle flest mulig kilometer.

#3

Ved raceorientering fekk vi vite at tredje etappe gjekk via fleire elvekryssingar med vatn opp til knærna. Eg hadde som gulrot til meg sjølv beslutta at ved første mulighet skulle utnytte moglegheten til å bade heile kroppen. Då eg passerte den andre elvekryssningen kasta eg sekken og lot meg liggja på rygg å flytande i den kalde elva til neste deltakar dukka opp – det såg sikkert merkeleg ut, men var heilt fantastisk – beina virka kvikkare etterpå. Vidare gjekk trassen på sand og gruslagd traktorveg kalla Boggy Hole Access og enda ved Finke River som var ein fantastisk fin Camp med mulighet til å ta eit bad i eit litt større vatn med inntørka elveleie som er over 350 millionar år gammalt og som renn berre nokre få dagar i året. Med i konkurransen hadde eg berre med fire par strømper, to boksarshorts, ein løpeshorts, ei T-skjorte og ein tynn genser – så eg nytta alle høve til å vaska dei brukte kleda mine.

Finke River to Hermansberg

#4

Denne etappen prega av lange sletter og mindre korger i landskapet. Her sprang vi i Palm Valley der dei sjeldne red cabbage-palms prega landskapet og passa ikkje inn i denne ørkenen. Sandstein på berget skifta frå den kjende koch-raude fargen til lyserosa når eg nærma meg vannhølet i Boggy Hole. Her var det berre eit par konkurrentar som hadde komme før meg og for utanom hei jævla flugene var det stillheten tjukk som honning. Då var det tid til å legge seg på ryggen i teltet og reflektere med ein recovery-drikk og litt smuldra potetegull før resten av røkla kom ramlande inn i leiren.

Hermansberg to Boggy Hole

#5

Her starta vi med ei bratt kneik som løfta meg med raske skritt opp på eit platå av glitrande gibber-stein. Eit par ørne sirkla over ein død kamel, og sola varma drikkeflaskene mine til lunken te. Då eg sprang forbi Palmer River, var skoa gjennomhola av torner, kjeften fylt med Näak energibar og haude i ei fatle men overskot og ei merkeleg ro når eg kom til dagens endestasjon.

#6

58 kilometer på Palmer River og Ernest Giles Road som minte om eit evig vaskebrett som hamra i leggane. Her sprang eg fleire timar utan å sjå nokon og det einaste selskapet var min eiga skugge og ein liten kultarr (mus) som pilte over vegen. No forstod eg betre kvifor eventyraren Giles kalla Outbacken forbanna og vakker i same åndedrag.

#7

Kort etter vegkrysset glei eg inn på asfalt og vidare inn i Angas Downs Indigenous Protected Area. Eit par Anangu Rangere hilste då eg passerte. Dette er ei gruppe innanfor Anangu-samfunnet i Australia som arbeider med å verna og bevara landskapet, kulturen og historia i landområdet sitt. For utanom oss som sprang var der nokre terreng-gåande køyretøy som dukka opp i ny og ne.

#8

Det å endelig starte på ei kort etappe var ein god følelse – Mount Conner steig som eit skip opp frå havet av raudt støv og eg som mange andre forveksla eg fjellet med Uluru – snart i mål tenkte eg. Vi sprang også forbi saltsjøen Lake Amadeus som glinsa i speilet av salt – tøft. Etter nokre harde kilometer på asfalt kjendes låra steinharde, men eg var lett til sins då det var fantastisk utsikt og tanken av at det berre var ein etappe igjen.

#9

Lasseter Highway virka endelaus, men stillheten uten trafikk gav fin tid for ettertanke. Då eg nådde Curtin Springs fekk vi – som einaste gong på heile løpet – tillatelse til å gå innom bensinstasjonen: dei fleste kasta seg over iskald Cola, men eg greip tak i ein liter mjølk, sette meg på støvete fortauet og tok ein planlagt tjue-minutts pause samtidig som dromedarane sto og brølte bak gjerdet.

Curtin Springs

Seinare, etter at mørket fall, kom Melkevegen som eit stilleståande fyrverkeri over himmelen og satellittane kryssa over himmelen så nærgåande at det kjendest som om eg kunne plukka dei ned med handa. Her ute bestemde eg meg også for det taktiske grepet som skilde slutten frå resten av løpet: Eg valde å gå dei siste fire fem milene i staden for å løpe slik eg hadde gjort gjennom alle tidlegare etappane. Hjartet hadde bidratt ekstra på dette eventyret, og kalkulatoren i hovudet fortalde at eg verken kunne henta inn konkurrenten foran meg eller bli trua av dei bak på den samla tida – så å spara kroppen var det einaste fornuftige.

Ved siste kontrollpunkt tok ein konkurrent meg igjen, og vi haldt følge i ein taktfast marsj. Samtalen var knapp, men vennskapelig og ekte. Då lysa frå Yulara endeleg vistes i horisonten, forsto eg at 520 + kilometer med støv, slit og draumar snart var banka inn i historieboka – og at eg no har løpt verkeleg langt på alle kontinenta i verda.

ULURU!