Den nye Garmin Fenix 8 PRO tar sikkerhet og kommunikasjon til eit heilt nytt nivå. For første gong blir teknologi som LTE, satellitt og vanleg mobil smelta sammen i ei klokke!

Sikkerhet først

Med Fenix 8 Pro kan eg dele mi planlagte tur-rute og min fysiske lokasjon i sanntid og ut fra det kan venner og familie følge meg via eit kart. Når eg kjem til eit planlagt turmål kan eg sende eit eit Check-In-signal, slik at dei veit at alt er i orden.

Skulle det derimot gå galt, kan eg trykke på ein SOS-knapp som starter en redningsaksjon uansett hvor på kloden eg skulle befinne meg.

Trygghet er alt

Fenix 8 PRO er ein sjølvstendig kommunikasjonsplattform for tale, tekst- og lydmeldinger.
Med eit enkelt abonnement er eg sikra ein frihet som tidlegare ikkje har eksistert. Eg kan bevege meg kor som helst utan å bekymre meg for dekning. LiveTrack, meldingar og nødvarsling fungerer saumlaust i område med mobilnett, medan satellitt tar over der dekninga forsvinn. Og eg som reiser til dei mest avsidesliggjande plassane i verda og eg digger at abonnement er regionsfrift eller låst til eit marked.

Eit nytt nivå av sikkerhet

Garmin har oppgradert Fenix 8 PRO frå treningsur til eit sikkerhetsnett. Når eg spring i fjellet, konkurrerer i ein ørken eller dreg på ekspedisjon, er Fenix 8 Pro ein revolusjon i korleis eg kan kombinere trening, eventyr, kommunikasjon og sikkerhet i eitt og same produkt – ei sikkelig kul, kompakt og avansert klokke.

No er eg trygg!