The Track Australia

Foto i underliggende artikler krediteres: Canal Adventure


– 520 km på yttergrensa i livet

ikkje berre eit løp. Dette er ein kamp mot naturen, kroppen – og tankane.

The Track Australia strekkjer seg over 520 kilometer gjennom noko av verdas mest ugjestmilde og livsfarlege terreng: den australske Outbacken. Frå Alice Springs til det hellige fjellet Uluru, gjennom støv, kløftar og eldgamle fjellkjeder – i eit landskap der dei dødelegaste reptila på planeten lever. Ta eitt steg feil, og du kan møta alt frå taipaner til ørkenslangar og giftige edderkoppar. Dette er heimen dykkar. Vi er berre gjester.

I mai 2025 stod eg skulder ved skulder med spesialsoldater, eventyrere og profesjonelle ultraløpere frå heile verda. Mange hadde brukt månader – for nokon, år – på førebuingar, for andre er dette fulltidsjobb. Likevel var vi alle reduserte til det same: slitne kroppar med 7–10 kilo på ryggen, tvinga til å bera alt vi trong for å overleve. Kvar einaste kalori var målt og veid (2.000 kalorier per døgn). Kvar drope vatn blir nøye fordelt. Tre vannstasjoner per dag – 2 liter per stasjon. Ikkje ein dråpe meir.

Løpet gjekk over ni etappar og det var mulig å brukke inntil ti døgn. Nokre etappar var tekniske, andre var brutale strekningar i opne ørkenlandskap i 40 plussgrader på dagtid og med temperaturfall til 5 minusgrader om natta. Rabdomyolyse, dehydrering, heteslag og utmatting er ikkje hypotetiske farar. Dei er reelle. Berre halvparten fullføre der fleire av deltakarane undervurderer løypa, terrenget – eller seg sjølv.

 

Eg gjennomførte. Og eg vart nummer tre blant herrane.


Forberedelser til The Track

Eg er ein godt trent mann på 56 år, ca. 70 kilo, 177,8 cm høg, kvilepuls på 31 og makspuls på 183. Forberedelsene mine til The Track, starta med fleire utfordringar. I lengre tid har eg slitt med periodar med tung pust, og i vinter pådrog eg meg ein lungebetennelse. […]

Read More

Utstyr til ni døgn i australsk villmark

Til dei fleste konkurranser er der krav om ein minimums pakkeliste for å unngå unødige utfordringar og farer. Alle deltagere må framvise og få godkjent obligatorisk utstyr før vi mottar startnummer. Ei obligatorisk utstyrsliste danner også grunnlaget for at deltagere stiller med like forutsetninger. Obligatorisk utstyrsliste frå Canal Adventure Krav […]

Read More

520 km på livets yttergrense

Her deler eg min erfaring frå eit løp der man risikerer å miste meir enn tid – og kor det å krysse målstreken betyr å ha beseira noko langt større enn distansen. Alice Springs – i bushen Ved framkomst på flyplassen i Alice Springs fekk eg umiddelbart kjensle av korleis […]

Read More