Det Garmin gir av merverdi for meg er ikkje berre trening, navigasjon og data – men korleis klokka blir meir personleg, relevant og nyttig med alle dei ekstra appane. På mi fenix 8 Pro har eg installert appar som viser kor innhaldsrik ConnectIQ butikken har blitt når folk blir invitert til å utvikle etter eget ønske – for konkrete behov, lokale forhold og særlige interessefelt.
Meir enn ei treningsklokke
For meg har klokka blitt langt meir enn puls, kart og treningsøkter. Det er her ConnectIQ med økosystemet rundt klokka kjem inn i bilete. Nokre appar løyser heilt konkrete behov ute i naturen og andre knyter klokka til interessene mine i kvardagen. Felles for dei fleste er at dei gjer opplevinga meir personleg og meir relevant.
Dei fleste har allerede tatt i bruk Garmin pay som let deg betale trygt med klokka uten å måtte ha med telefon, lommebok eller kort. Men i tillegg er det så mange appar som frivillege applikasjonsutviklere bidrar med inn i økosystemet rundt Garmin Connect. Verdien på klokka aukar voldsomt når eg finn dei små utvidingane som dekker eit etterlengta eller latent behov.
Eksempler på apper frå mi klokke
skredvarsel.app – lokal nytteverdi
For oss som ferdast i vinterfjellet, er dette ein app som gir meining umiddelbart. Skredvarsel er tilpassa norske og svenske forhold som møter eit behov for oss som går på ski i fjellet. Det er slike appar eg meiner viser styrken i plattforma til Garmin: ei løysing utvikla av folk som forstår oss som er i terrenget og situasjonane appen skal brukast i.


teslacontrol.net – sært gjort praktisk
Denne appen dekker eit særegent interessefelt som er gjort om til praktisk nytte på handleddet. For meg er det stas korleis klokka kan frå friluftsliv og trening til også å vere eit verktøy for bilen min. Nå legg eg igjen telefonen i bilen når eg trener og låser bilen med klokka. Det er sært og smalt, men nettopp derfor utrolig kult for dei det treff.
Spotify – når eg vil lytte
Kanskje et overraskande, men Spotify er eit godt døme på kor mykje verdi ein enkel app kan gi. Når eg er på trening, på tur eller berre vil ha musikk utan å måtte ha med telefonen, er dette ein app eg set pris på. Kanskje ikkje så originalt, men klokka kjennest meir komplett med Spotify.


Hydration Tracking – når eg må drikke
Hydration Tracking er eit døme på korleis økosystemet blir styrkt av folk som kjenner plattforma frå innsida. Denne appen er utvikla av Garmin siet eget personell. Appen gjer det enkelt å loggføre dagleg væskeinntak og setje påminnelser, slik at klokka også kan støtte gode vanar utanfor treninga og gjere meg betre forberedt i konkurranser som går over mange timar og døgn.
Messenger
Når eg let telefonen vere heime blir det ein heilt annan frihet. Men sjølv om eg spring langt til fjells i mange timar er eg trygg. På mi fenix 8 Pro har eg inReach Messenger, og det gir ei heilt anna kjensle av tryggleik. Skulle det vere noko viktig kan eg kommunisere med familien, med eller utan mobildekning. inReach Messenger er laga med tanke på kontakt og beredskap når det verkeleg betyr noko – via satellitt.

Eit levande økosystemet med verdi
For meg betyr det mye at Garmin har valgt å bygge ei plattform for at folk skal få utvikle for reelle behov – tilpassa livet, interesse og kvardagen – då blir klokka meir enn eit produkt.
Dei mest interessante appane kjem frå utviklere som ser noko spesifikt: eit lokalt behov, ein nisje eller ein praktisk situasjon som fortener ei betre løysing.
exploringthelimits.com
Frode Lein

