Sannsynet for at du eller andre deltakere vert nedkjølt når du skal løpe konkurranser i den norske villmarka er svært aktuell. Mykje av dette er kjent, men likevel fint å kunna forstår dei ulike metodane for varmetap og kva er viktig i dei enkelte tilfella. Ofte er det snakk om kombinasjoner av tiltak.

Det er og lettare å forstå kvifor ein arrangør av konkurranser pålegg deltakarane obligatorisk utstyr og anbefalt utstyr. Hvilke utstyr du skal nytta i tilfelle ein deltakarar blir nedkjølt er markert med feite bokstavar.

Fordampning

Fordampning skjer naturleg ved at kroppen blir oppvarma ved trening og den startar ein svetteprosess. Svetten legg seg på huda for så å fordampa – dette for å avkjøla kroppens overflate. Om du blir våt i regnvêr eller he ramla i vatn vil kroppen framleis bruka energi på å varma opp vatnet på kroppens overflate, samtidig vil vatnet gi kroppen ein nedkjølingseffekt – dette er farleg.
Tiltak: Ta av dei våte og på tørre klede – stilongs, ullundertøy, pakk deltakaren inn i overlevelssduken som vil fungera som ei dampsperre. Overlevelsesduken har to sider: Den blanke og reflekterande sølvfarga sida nyttar du mot kroppen for reflektera varmen tilbake mot kroppen og verna mot kulde. Den andre sida som ofte er gullfarget nyttar du mot kroppen for å reflekter varmen frå sola vekk frå kroppen og verna mot varme.

Stråling

Kroppen gir frå seg konstant varme til omgivelsane rundt kroppen som er kaldare enn kroppstemperaturen. Det største varmetapet skjer frå kroppsdelar som ikkje er tildekt, til dømes hodet.
Tiltak: På ein nedkjølt deltakar er det viktig å dekka kroppen med materiale som reflekterer varmestrålar. – Ei cap på hodet, buff rundt halsen og mittens eller hansker på hendene.

Løpet mot Sydpolen

Leidning

Varmetap ved vind og bevegelig veske. Eksempelvis vind – kroppen prøver å varma opp lufta som er i kontakt med kroppen, men sidan det blåser blir lufta fortløpande erstatta med ny avkjølt luft.
Tiltak: ta deltakaren bort frå kjelda som gir varmetap. Løfte deltakaren ut av elva, søka ly og dekke deltakeren med vatn- og vindtett materiale som vindsekk/bivouac, vind- og vasstett skaljakke/bukse.

Konkurransen i Amazonas

Strøming

Varmetap ved kontakt med anna materiale. Dei vanligste tilfella er om deltakaren har falle og blir liggande av ein grunn. Viss deltakaren ligg i kjølig vatn, på metall eller direkte på bakken blir man kald. Desto større kontaktflata er mellom kropp og underlag, jo raskare varmetap.
Tiltak: Med utgangspunkt i at deltakaren er liggande vil det beste vera om du får flytta deltakaren over på sleeping pad, overlevelssduk or dunjakke. Dette er materiale som er isolerande og leier lite varme.

Kombinasjon

Den optimale behandlingsmåten ute i villmarka er en kombinasjon. Banak-modellen er utviklet av 330-skvadronen og er en innpakkningsmetode med damptetthet, isolasjon og vindtetthet.

  1. Mellom deltager og bakken benytter du sleeping pad.
  2. Innerst på kroppen eit damptett materiale – overlevelsesduk
  3. Isolerande mellomlag – dunjakke, stilongs, ullundertøy, sovepose
  4. Eit ytre vind- og vasstett materiale – vindsekk/bivouac, vind- og vasstett skaljakke/bukse.
  5. Og ei varm cap eller jakkehetta på haudet!

Det isolerande laget kan eksempelvis suppleres med ei Nalgen-flaske med varmt veske som plasseres på kroppen.