Det er ikkje ukjent at Omega 3 er viktig for hjarte, ledd og styrkar immunforsvaret. Men forsking viser at Omega 3 òg kan bidra til å redusert muskeltap i periodar med skade og restitusjon.

«Omega 3 kan bidra med å reparere og bygge musklar»- meiner forskarane. – FASEB Journal

Forskarane tok for seg tjue sunne, unge kvinner og målte mellom anna muskelmassen. Forskingsgruppa vart delt i to grupper på ti personar som i løpet av studiet som varte i åtte veker. Undervegs i studiet vart mellom anna muskelmasse, muskelstorleik og benstruktur målt. I heile perioden tok deltakarane kosttilskota. Den eine gruppa tok fem gram omega 3 tilskot og kontrollgruppa tok fem gram solsikkeolje tilskot – kvar dag.

Fire veker ut i studiet etterlikna forskarane ein bevegelighets-skade i ein fot på kvar av deltakarane med bruk av eit knestag. Dei følgjande to veker var deltakarane immobilisert med knestaget som gav moglegheit for å gå, men forhindra ordinær trening. Seks veker ut i studiet vart knestaget fjerna frå deltakarane og dei gjekk tok opp att ordinær trening. 

Resultat

Etter totalt åtte veker målet forskarane muskelstorleiken m.m. oppdaga dei følgjande:

  • Gruppa som hadde fått Omega 3 unngjekk muskeltap i «skadeperioden» med knestag, samanlikna med gruppa som fekk solsikkeolje.
  • Gruppa som hadde fått Omega 3 hadde ingen reduksjon i benmassen, men benmassen til gruppa som fekk solsikkeolje var ved slutten av studien redusert med 6 prosent.
  • Gruppa som hadde fått Omega 3 klarte å retta opp igjen muskelmassen i studieperioden seks til åtte veker – det gjorde ikkje kontrollgruppa .
  • Grunnlaget for raskare restitusjon ved inntak av Omega 3 blir grunngitt i studiet med auka frekvens av muskelproteinsyntese (auka produksjon av protein) som hjelper kroppen med å reparere og bygga muskulatur.

Medan forskarar ikkje har ei anbefalt mengde fisk eller omega-3 for å hjelpa til med muskel utvinning, tilfører du omega-3-tilskot eller matkjelder som laks eller linfrø, til kosthaldet ditt etter eiget velbefinnande. Bortsett fra å vere eit potensielt hjelpemiddel for utvinning av musklar , er fettsyren òg viktig for hjarte-, lunge og ledd. Samt at den bidrar til å auka immunforsvaret.

Kjelde

FASEB journal: Omega-3 fatty acid supplementation attenuates skeletal muscle disuse atrophy during two weeks of unilateral leg immobilization in healthy young women