Overaskande gode sko fra Asics

Etter å ha sprunge på fine skogstiar i marka rundt Oslo i heile sommar, kom hausten med den sure nedbøren sin. Visne blader i alle tråkk og mark vart til myr. Og då vart det straks litt tyngre…
Nokon klagar at med haustmørket og dårleg vêr blir dørstokkmila lenger og det blir tyngre å springe. Etter mitt syn burde dørstokkmila bli kortare her i Noreg, der vi har fire årstider som gir fantastiske variasjonar for alle sansane og eit svært varierande terreng.

Hoka Hoka har de mest bekveme skoa

Men, det blir faktisk tyngre å springe i terrenget på hausten. Med auka nedbør blir stiar i terrenget gjort om til bekkar og vasspyttar som ofte endar opp i ei vasstrukken myr. Eit sleipt og ettergivande uderlag som sug krafta ut av leggane kan man ikkje gjere så mykje med. Men så kjem utstyr – sko, sokka og alt anna på beina blir ofte vasstrukne og følgjande kjem tunge bein.

Bagatell for dei fleste, men for dei som spring mange mil i konkurranse kan dette ha betydning. Dei beste skoa og dei flotteste ullsokkene på tørt terreng kan ende opp med å vege det dobbelte når du har tråkka med dei i vatn, gjørme og myr. Om vi har ei steglengde på ein meter løftar vi med det verste dømet nedanfor 318 gram ekstra per steg, eller 644 gram totalt per steg.

På eit maraton med våte sko og sokkar
løftar beina meir enn tretten tonn myrvatn.

Fantastisk trening

I kombinasjon med glatte steinar og røffare terreng er dette bonus og fantastisk trening for muskel, balanse og uthaldenheit. I tillegg krev dei glatte partia og eit terreng dekt med blad i haustfarga auka konsentrasjon.
– god tur!

Relaterte artiklar: