Forberedelsene omfatta løping i kulde med test av ulik bekledning, litt styrketrening for å vere istand til å trekke pulk i uendelege motbakker. Det er masse bekledning for løping i kaldt vær, men valget mitt blei ordinær skibukse frå Swix, medan Liss valgte skallbukse og vi hadde begge nettingundertøy. På overkroppen brukte vi fleece og ull i kombinasjon med skalljakke utanpå. Når vi hadde kvile tok vi på robuste og ekstra varme dunjakker.
I tillegg vart det ein heilt annan dimensjon av utstyr å ta omsyn til for Liss. Med erfaringane mine frå tilsvarande løp i området var utfordringa å justere mot Liss sine ufravikelige krav – som var å holde seg varm, nok mat og drikke. Vi valde derfor solid kvalitet framfor det enkle og lette utstyret eg har brukt tidligare – som eksempelvis kraftig og varmt liggjeunderlag til den varmaste soveposen som var å oppdrive.
Av pulk måtte vi også ha det beste. Acapulka vart eit opplagt val der eg sveisa ei enkel ramme med hjul for pulkane som kunne tas av og på ettersom underlaget varierer mellom vegar av is, fokksnø og pudder. Samtidig skulle pulken lastast med 25 kilo og vere god å springe med. Etter ein del prøving med løpe-kit frå ei barnevogn som fungerte mindre bra, vart vi enig om å bruke det vanlige draget som følgde med pulkane – med nokre enkle justeringer.
Vi reiste via London og Vancouver før vi endeleg landet i Whitehorse etter 19 timar – utan pulk og hjulramme! Dagane før konkurransen var nervepirrande, men vi fekk hjelp både av arrangør og i tillegg Nordic Cab som leverte komplett pulk med hjul og drag. Løysinga var tyngre enn vår Acapulka – men ein fin løsning for å kunne stille til start.
Dagane i forkant av konkurransen i Whitehorse gjekk også med på å gjøre innkjøp av tørrmat til middag og frukost, nudler til lunsj og peanøtter, sjokolade, ølpølser og snack. Så var det arrangørens briefing, sikkerhetsgjennomgang med etterfølgende test og kontroll av utstyr før vi vart fordelt i ulike store bilar som transporterte oss 700 km nordover til Dawson City der konkurransen starta. Undervegs fekk vi eit inntrykk av kva natur som ville venta oss konkurransen – endelaus men fantastisk!

Vel framme i Dawson City var vi raskt ute fra hotellet for å oppleve den autentiske gullgraver og western-by som dette var – i 32 minusgrader.






