Dag for dag agenda for bestigningen
Vi går Marangu-ruta, “Coca-cola Route”, som eg er tryggast på, med lett oppakning, fin oppleving og vi kan handle forfriskingar undervegs. Dette er også den einaste ruta på Kilimanjaro med overnatting i hytter i staden for telt. Her søv vi i gode hytter som vernar oss mot vêr og vind – ekstra godt om det skulle komme regn – noko eg har opplevd før.

13. Oktober: Reise og opphold
Vi ankommer med litt tidsforskjell til Kilimanjaro lufthavn (Gateway to Africa’s Wildlife). Her vil vi bli møtt av personer fra det lokale teamet til Gaudence for transport videre til hotellet, hvor vi blir innlosjert. Her får vi tid til å hente oss inn etter reisen, nyte tilstedeværelsen og bli kjent med lokalmiljøet. Husk å være nøye med renhold og hygiene – så du ikkje blir sjuk i forkant av fjellturen.
14. oktober: Utstyrsgjennomgang og oppdagelsesferd i Marangu
Vi bruker formiddagen på å se over at alt utstyr for dei enkelte har kommet med til Afrika og tar en gjennomgang med det lokale teamet. Deretter er det innlevering av personlig bag som skal være med opp på fjellet. Siden Marangu er utgangspunktet for turen, vil vi kunne utforske nærområdet, besøke Gaudence sitt daghjem for små barn, akklimatisere oss lett og nyte lokal stemning. På kvelden samles vi for en felles middag, hvor Lekule og Frode er tilgjengelig for praktisk informasjon og siste forberedelser før bestigningen.
15. oktober: Marangu Gate til Mandara Hut
Høgd: ca. 1 843 moh. (Marangu Gate) til ca. 2 720 moh. (Mandara Hut)
Tid på stien: 5–7 timar
Terreng: Regnskog
Overnatting: Mandara Hut
Vi startar tidleg frå hotellet og køyrer til Marangu Gate, der vi registrerer oss. Derfrå vandrar vi gjennom trolsk regnskog med frodig vegetasjon, høge eukalyptustre og fin fuglesong. Her er også ein del colobus-aper! Dette er ein regnskog så det kan dryppe litt, stien kan vere fuktig og litt gjørmete, så gode terrengsko er fint. Vel framme ved Mandara Hut finn vi oss til rette i sovesalane, nyt den vakre naturen rundt og blir servert eit velfortent måltid.
16. oktober: Mandara Hut til Horombo Hut
Høgd: frå 2 720 moh. til ca. 3 720 moh.
Tid på stien: 5–7 timar
Terreng: Heath/Moorland (lyng- og opne sletter)
Overnatting: Horombo Hut
På dag to forlèt vi den siste biten av regnskogen og bevegar oss inn i ope slette terreng. Terrenget opnar seg, og plutseleg ser vi den ikoniske silhuetten av Mawenzi-toppen reise seg mot himmelen. Her kan vi byrje å merke høgda, så det er viktig å lytte til kroppen og ta pausar ved behov – vi har det ikkje travelt. Horombo Hut ligg med flott utsikt over både Kibo (hovudtoppen) og Mawenzi. Her finn vi oss til rette for kvelden.
17. oktober: Akklimatiseringsdag ved Horombo Hut
Høgd: vi held oss rundt 3 720–4 000 moh.
Aktiviteter og severdigheter:
Gå ein dagstur til Zebra Rock (ca. 4 000 moh.)
Springe ein tur med Frode og Gaudence rundt Mawenzi før frukost
Sparke småstein og slappe av ved Horombo Hut om ein kjenner seg sliten
Denne ekstra dagen er gull verd for å gi kroppen tid til å venne seg til høgda. Høgdeakklimatisering er avgjerande for å auke sjangsane for ein trygg og vellykka topptur. Dei som ønskjer ein spasertur, kan gå opp mot Zebra Rock og nyte den spesielle steinformasjonen, før du returnerer til Horombo Hut for ein rolig ettermiddag og kveld.
18. oktober: Horombo Hut til Kibo Hut
Høgd: frå 3 720 moh. til ca. 4 700 moh.
Tid på stien: 5–7 timar
Terreng: Alpint – ørkenlandskap
Overnatting: Kibo Hut
Vi held fram over heiane og inn i eit meir alpint landskap kalla “Saddle”, som ligg mellom Mawenzi og Kibo. Området er karrig og steinete og vitnar om tidlegare vulkansk aktivitet. Siste etappe mot Kibo Hut er har litt ekstra stigning, så ta det i roleg tempo, drikk rikeleg med vatn og kjenn etter på pusten. Ved Kibo Hut pakkar vi klart alt vi treng for toppstøtet påfølgande natt – vatn varmar vi opp i termos for å unngå at det frys, og varme klede blir gjort klart. Vi et tidleg middag og legg oss tidleg for å kvile før den spennande natta.
19. oktober: Kibo Hut til Uhuru Peak til Horombo Hut
Oppstigning: Start rundt midnatt
Høgd: 4 700 moh. til 5 895 moh. (Uhuru Peak) og til ned til 3 720 moh.
Tid på stien:
6–8 timar til toppen
4–6 timar ned igjen til Horombo
Dette er det store klimaksen til turen! Vi vaknar rundt midnatt for å starte den lange vandringa mot toppen. Det er den mest krevjande delen av turen, både mentalt og fysisk, med moglegheit for kuldegrader og vind. Vi går sakte og metodisk opp det bratte skaret mot Gilman’s Point (ca. 5 681 moh.) i håp om å nå dette punktet for å oppleve soloppgang – ei fantastisk oppleving!
Derfrå følgjer vi kraterkanten mot Uhuru Peak (5 895 moh.), Afrikas tak – som er det store målet for eventyret. Etter jubel og bilete på høgaste punktet i Afrika, tripper vi «lett» ned igjen til Kibo Hut for å ete lunsj. Deretter held vi fram heilt ned til Horombo Hut og kanskje ei etterlengta «Kilimanjaro øl». Her får vi ei god natts søvn.
20. oktober: Horombo Hut til Marangu Gate
Høgd: 3 720 moh. til 1 843 moh.
Tid på stien: 5–7 timar
Terreng: Tilbake gjennom regnskogen
Vi nyt ein god frukost før vi byrjar siste etappe ned. Undervegs tek vi farvel med fjellet og etter kvart det trufaste mannskapet vårt av bærere og kokkar som har stått på for at vi skulle lykkast. Ved Marangu Gate får dei som har vore på toppen utdelt eit velfortent sertifikat. Her ventar og bagasjen vår og transport videre for safari.
20. oktober: Transport til Nasjonalpark
Avreise: Marangu Gate, kl. 13:00
Ankomst: Kenya, Tsavo West National Park, kl. 18:00
Fra Marangu Gate går ferda til Kenya og Tsavo West National Park med terrengbiler. Ved fremkomst vil vi bli innlosjert på Taita Hills Resort for ein varm dusj, litt feiring etter fjellturen. Deretter vil vi prøve å få med oss ein liten safari i solnedgang.
21. oktober: Safari
Avgang: Lodge, kl. 06:00
Lunsj i Tsavo West National Park: 13:00
Retur: Lodge, kl. 17:00
Vi kjører gjennom nasjonalparken Tsavo National Park der vi kan sjå elefanter, løver, giraffer, nesehorn og mange andre afrikanske dyreartar i det naturlege habitatet sitt. Det blir ein perfekt måte å runda av eit episk Afrika-eventyr på!
22. oktober: – reise videre
Avreise: Lodge, 09:00
Ankomst: Diani Beach, 13:30
Nokon reise heim frå Kilimanjaro Airport, andre vel å forlengja opphaldet med nokre dagar på Diani Beach som kan freiste med surfing, kite, bading og fine strender.
Påmelding til neste reise?
Vil du bli med til Kilimanjaro i 2026, eller til Himalaya?


