Å velge ein lokal guide eg kjenner frå Kilimanjaro-området gir deg ikkje berre ei stor kostnadsbesparing – du unngår mellomledd og pengane går direkte til lokalsamfunnet, slik at guidar og berarar får rettferdig betalt. I staden for å vere «kunde hos eit norsk byrå», blir du ein personleg gjest hos dei lokale. Samtidig får du førstehandkunnskap om fjellet, kulturen og naturen frå dei som lever i området. Og guiden som er ein nær venn av meg er heller ikkje kven som helst der nede – Gaudence er ein legende med over 500 bestigningar av Kilimanjaro og satte rekordtida saman med meg til toppen i 2019.

Pris og pakke:

Pakken vil koste om lag 26.000 NOK per person. Fleire deltakarar gir litt lågare pris, så her er det bare å rekruttere.
Dette inkluderer den praktiske tilrettelegginga i Tanzania, felles førebuingsmøter (online), kartlegging av personleg utstyr, treningsplan, til ein felles fjelltur i Noreg før avreise. Sjølve bestigning av Kilimanjaro med inngangskostand til nasjonalparken, overnattingar på hyttene, guide, kokk med mat, berera, sikkerhet og fellesutstyr – og dessutan safari med luksuriøst hotell i nasjonalparken. Vi skal betale inn i fire deler, hvor av første del blir brukt til depositum og kostnader som sikrer inngang til parken, hotell, safari og safari-hotell.

Dine ekstrakostnader:

Flybillettar (8-12.000 nok) avhengig av reisetid og retur.
Visum – online (50 USD)
Ekstra hotellnetter (ca. 500 NOK)
Reiseforsikring for høyder opp til 5900 moh.
Personlig utstyr og kledning
Snacks og smågodt undervegs
Det er også vanleg å gi tips til teamet etter turen ( beregn 1.000 NOK)
Fleire vel dessutan å forlengja opphaldet med nokre dagar på Diani Beach.

Det kan være at eg har bomma på noko, men trur dette er fasiten.