Som utøvar innen ultraløp og langdistanse er det for meg ein stor nytteverdi i data som eg henter frå laktatmålaren TD-4289. Dette apparatet gir meg mulighet til å måle laktatnivåa mine nøyaktig og raskt, noko som er avgjerande for å optimalisere treninga mi.
Laktatnivået er ein viktig indikator på kor godt musklane presterer under belastning. Når laktat byrjar å samla seg, kan eg sjå korleis kroppen min reagerer på ulik intensitet, og dermed justere treninga for å unngå overbelastning og forbetra uthaldet.
Med TD-4289 kan eg oppretta ein laktatprofil og måle nivåa under trening, noko som hjelper meg å halda meg innanfor riktig intensitetsnivå. Dette bidreg til kunne få ein jamn progresjon og betre prestasjonar i konkurransar. I tillegg kan eg enkelt synkronisere mine data via blåtann til appen «ProCheck» for å ivareta grunnlagsdata som eg kan nytte i analyse av treningshistorikken min og eg kan følge utviklinga mi over tid. Laktatmålaren er liten og lett å ta med – samt at den er enkel i bruke og gir umiddelbar tilbakemelding. TD-4289 måler også andre viktige parametrar som glukose, keton, urinsyre og kolesterol, noko som gir meg eit meir komplett bilete av helsetilstanden min. TD-4289 er eit verktøy som over tid kan bidra til å økt treningskvaliteten som igjen bidreg med prestasjonane mine.
For å oppnå god nytteverdi av TD-4289 laktatmålaren, brukar eg den både under trening og i konkurranseførebuingar. Her er korleis eg brukar den effektivt:
Intervalløkter
Laktatmåling etter kvar intervall å forstå kor mykje kroppen min toler og justera intensiteten deretter.
Utholdenhetsøkter
Måler laktatnivåa ved jamne mellomrom under lange løpeturar for å sikre at eg held meg innanfor rett intensitetssone. Dette hjelper meg å unngå å gå over terskelgrensa for anaerob forbrenning, noko som fører til utmatting.
Etter konkurranse
Laktatmålingar etter løp for å analysera korleis kroppen har reagert på belastning. Dette gir verdifull innsikt som kan brukast til å justera treningsopplegget.
Bruk laktatmåler optimalt
Ein laktatmålar med strips koster fort nokre tusen – så bruk den optimalt. Start med ein terskeltest ved å ta laktatmålingar ved ulike intensitetsnivå for å finne den intensiteten der laktat byrjar å akkumulere raskt. – Dette blir din laktatprofil.
Kontinuerleg overvaking og justering
Bruk TD-4289 regelmessig for å overvaka laktatnivåa mine under trening. Juster intensiteten basert på desse målingane for å sikra at eg trenar på rett nivå.
Dataanalyse med «ProCheck»-appen
Synkroniser målingane med «ProCheck»-appen for å lagre og analysere data. Dette gir meg høve til å følgja med på trendar og justera treningsplanen min basert på historiske data.c
Bruk laktatmålingane i kombinasjon med andre målingar som puls, tempo, og glukosenivå for å få ei heilskapleg forståing av den fysiske tilstanden min og prestasjon.
Tilpassing til individuelle behov:
Juster trening og intensitet basert på personlege mål og respons på treninga. Alle utøvarar reagerer ulikt, så det er viktig å tilpassa programmet etter eigne resultat.
Ved å bruka TD-4289 laktatmålar på desse måtane, kan eg optimalisera treninga mi, unngå overtrening og forbetra prestasjonane mine i konkurransar.
– Frode Lein

