Når eg skulle velge utstyr til Northern Lights Ultra var det mye å kopiere fra 6633 Arctic Ultra – Yukon som eg og Liss hadde gjort i 2023. Men der når man er over snittet interessert i utstyr, er det selvfølgelig alltid muligheter til å forbedre eller teste alternativer.
Den største endringen som eg ville teste ut var et alternativ telt til mitt eksisterende MSR Advance Pro 2. Erstatninga ble ein Samaya ASSAUT2 8K og oppdraget var 290 km i og langs Peel River i Northwest Territories. Årstiden hvor konkurransen blir gjennomført blir det ned mot -44 celcius og kvar kveld vil det være samme rutine med å sette opp teltet før man kan legge seg. Når man har løpt heile dagen i ein ekstrem kulde er kroppen svært sliten som resulterer i at finmotorikken er dårlig, så da er enkelhet viktig. Samstundes bles det grusomt i dette området – så kvalitet og slitestyrke på telt er svært viktig.
Litt om produkta beskrevet i artikkelen:
- Samaya sendte meg ein prototype av Samaya ASSAUT2 8K frå Frankrike. Dette blei gjort med velsignelse frå Norsk Fjellsport. Teltet var tiltenkt for meg og bruk til Northern Lights Ultra (2026)
- Tidligare konkurranser som 6633 hadde eg brukt MSR Advance Pro 2 som eg fekk frå Oslo Sportslager (2022)
- Titanpluggane sendte Teragon Gear for at eg skulle teste de ut i ekstreme forhold (2022)
- Is-skru pluggane kjøpte eg med frå Russland (2020) til bruk i Yukon.
- Dei andre vinterpluggane har eg fått frå Piteraq – Tinder & Banditter
Teltet – ei livline
Northern Lights Ultra er eit løp over fem etappar heilt nord i Canada – Northwest Territories. Start er i Fort McPherson. Peel River. Aklavik. Mål i Inuvik. I konkurranse dreg vi alt utstyret og mat sjølv i pulk og slår leir kvar natt. I desse områda er ikkje teltet meint som komfort – det er snakk om å halde seg i live. Eg valde Samaya ASSAUT2 8K med stoff av dynema på grunn av vinden. Området er kjent for svært kraftig vind, særleg der vi skal bevege oss- langs Peel River. Eit tomanns singelduk telt utvikla i Frankrike – Annecy, laga for bruk til vinterekspedisjonar og 8000-meterstoppar. Mitt eksemplar var ein prototype. På 6633 Arctic Ultra delte eg MSR Advance Pro 2 med Liss. Begge telta har i tillegg blitt testa på treningsturer og vinterkurs eg arrangerer.
Oppsett med vottar på
På ASSAUT2 8K går stengene i kanalar over heile teltet. Kvar stong må dyttes hver for seg. Frå bunn på eine sida. Opp til toppen, der dei to stengene kryssar under ventilasjonstaket. Og ned att på andre sida. Duken er alt forma som ein boge. Kanalane følgjer same bogen. Friksjonen gjer det tungt å dytte stong nummer to gjennom kanalen.
Den vesle tverrstonga over toppen er verst. Enden er vanskeleg å feste. Med vottar og hanskar i ekstrem kulde, når du er sliten og finmotorikken sviktar, blir det ein kamp.
Advance Pro 2 er bygd annleis og er raskere å sette opp. Kanal går frå tak til botn berre på to av kortsidene . Stengene kjem ferdig montert som eit bevegeleg kryss som dyttes inn i dei to korte kanalane samtidig. Der etter bøyer eg stengene og fester dei i de to andre hjørna. Så bruker man klips frå teltet til å feste på stengene. Klipsa sit ferdig på duken.
Når strikken svikter
På 6633 fekk Advance Pro 2-stengene eit problem eg ikkje hadde rekna med. Strikken inne i stengene mista elastisiteten i den ekstreme kulda. Det resulterte i mykje slakk strikk som var vanskeleg å få inn mellom ledda når eg skulle sette saman stengene. Det problemet var eg bevist på når eg valgte ASSAUT2 8K – heldigvis slapp eg denne utfordringa på dette eventyret. Lærdom: test stengene og strikken i kulde over tid før avreise. Ikkje berre teltet.
To i teltet
To vaksne får fint plass teltene om vinteren. Då ligg ein fotendes med store soveposar. Ulempa er utgangen som er bare på den eine sida. Skal den den som søv innerst i teltet ut om natta, blir den andre forstyrret i nattesøvene.
Lav profil og plugger som held
Pluggane som følgjer med ASSAUT2 8K-teltet er 12 cm. Om vinteren er dei lite egna. Gode plugger var ein føresetnad for å feste teltet forsvarleg i svært dårleg vêr. Dette er pluggane eg hadde å velje mellom – frå høgre:
| Plugg | Lengd | Kjenneteikn |
|---|---|---|
| Snøplugger | 32 cm | Hol til snor. Lettare å dra laus når dei har frose fast og teltet skal ned |
| Gjørmeplugger | 22 cm | Lang, med metallspiss |
| Russiske isskruplugger | 15 cm | Skruast inn i isen med T-handtak |
| Titanplugger: Teragon Gear Pioneer 1 | 15 cm | 3D-printa titan, Y-profil, 5,1 g. Veg lite, men tåler mykje |
| Samaya ASSAUT2 8K standard | 12 cm | Lite egna til vinterstid |

Teragon Gear kontakta meg for å teste titan pluggane i tøffe forhold, der ingenting kan svikte. På Northern Lights Ultra og 6633 brukte eg titan og isskru pluggane. Pioneer-pluggane har eg brukt sidan dei første eksemplara. Dei testa eg på Iditarod Trail Invitational.

Eit alternativ er å feste teltet til pulk, staver osv. Eg har også sett videoar der dei sikrar teltet i snøen med isøksene sine. Problemet kjem dersom teltet står i basecamp og du skal på tur dagen etter og treng du isøksa.
ASSAUT2 8K har ein fordel til som eg merke. Konstruksjonen er lågare enn Advance Pro 2 og vinden får ikkje så godt tak. Med lavere profil og gode plugger står teltet betre forankra.
Lufting – Samaya er best
ASSAUT2 8K hadde vesentleg betre lufting. Kondensen kom seg ut frå innsida av teltet. Tidligare i Advance Pro 2 hadde vi problem med kondens som frøs til «snø» innvendig på duken. Eg antok at dei høge ventilane og det hengande taket på ASSAUT2 8K var fordelen. Dett å slippe kondensen ut øker komforten betraktelig. Eg fekk også inntrykk av at teltduken til Samaya isolerte og held betre på varmen.
Forbetringspunkt for Samaya ASSAUT2 8K
Samaya har innvendig to sidelommer noko som saknast i Advance Pro 2 – så dette er eit meget bra telt. Men etter konkurransen i Northwest Territories reflekterte eg over eit par ting som kunne vore løyst betre.
- Dør på begge sider, med to toveis glidelåsar. Søv man to i teltet på vinteren er det ekstra trangt og man søv best fotendes. Då hadde det vore fint med dør på begge sider – så man kjem seg ut utan å vekke den andre. Glidelåsane kan stå i midtstilt posisjon og ha eit overheng med duk for å gi god lufting. Til gjengjeld kunne toppkonstruksjonen med ventilasjonstaket vore erstatte med noko enklare.
- Enklare stongføring. Lange kanalar i teltets bueform gir friksjon. Kortare kanalar og klips, slik MSR Advance Pro2 har, ville gjort det vesentleg raskare med oppsett og kalde hender. Hilleberg Tarra er eit anna døme. Der går stengene i korte kanalar i enden, og resten av teltet blir festa med klips til stengene. Da vil det være mulig å setje inn eit ekstra sett stenger som forsterkar teltet i ekstreme forhold.
- Erstatt tverrstonga. Bytt med to mindre, bøyelege stenger på kvar side ved ventilen, festa med borrelås. Det er lettare å handtere med vottar. Tverrstonga på Samaya er der finmotorikken sviktar først. Dør på begge sider, som i punkt 1, vil også fjerne denne utfordringa.
- Plugger som passer til forholda. 12 cm-pluggane som følgjer med, er ikkje til bruk om vinteren. Eit telt bygd for sterk vind bør kome med plugger som held i snø og is, eller tilbydast med eit vintersett. Eg valde sjølv titanplugger og skruplugger for is. Utan dei hadde ikkje teltet stått forsvarleg i det vêret.
Punkt 1 gjeld også Advance Pro 2. Ei dør er for lite når to skal sove. Eg testa ein prototype av Assaut2 8k. Detaljar kan avvike frå den endelige versjonen som kjem i salg.
Spesifikasjonar
| Samaya ASSAUT2 8K (prototype) | MSR Advance Pro 2 | |
|---|---|---|
| Vekt | 1 486 g på mi vekt | 1 570 g på mi vekt |
| Golv | 220 × 110 cm, 2,5 m² | 208 x 107 cm |
| Vegg | 3-lags PU-membran, 20 000 mm | 20D 2-lags pustande, 10 000 mm |
| Oppsett | to enkelt stenger i kanalar over heile teltet | montert stenger i kryss, to korte kanalar + klips |
| Lufting | Høge ventilar, justerbare innanfrå | Liten takventil |
| Lommer | To sidelommer + taklomme | Ingen |
| Vestibyle | Ekstrautstyr | Finst ikkje |
Konklusjon
To ting vesentlige ting. Advance Pro 2 er raskare å sette opp og pakke ned. ASSAUT2 8K er betre å oppholde seg i. Kva argument som veg tyngst, kjem an på situasjonen. I ein konkurranse av typen etappeløp med leir kvar natt, ligg du lenge inne. Då betyr komfort og god luft mykje. I ein konkurranse med sjølvpålagt kvile vil kvart minutt i oppsett av telt bety mindre kvile – spesielt merkar man det med tjukke vottar på hendene og dårlig finmotorikk. Når det gjeld vekt og pakk-volum er dette mindre kritisk i pulk, enn på ryggen i sekk. I dette tilfellet med ein skilnaden på rundt 100 gram mellom telt-typene er ikkje dette noko betydning. Teltene burde hatt ein kompresjonspose eller noko enklare å pakke i.
Uansett telt
Bruk pulken eller sekken som anker når du begynner å sette opp teltet. Tren på oppsettet av teltet med tykke votter, i mørket, når det blåser – FØR du havner i ein krevende situasjon på tur «train as you fight».






























