I konkurransar mot Sørpolen, på Grønlandsisen og i Yukons villmark har eg sprunge fleire hundre kilometer i temperaturar ned til – 54.
Med mottoet «Sikker, Lett og Rask» jobber eg heile tida etter å bli ennå litt betre. Dette inneber at eg heile tida må vurdera nye produkt, kombinasjoner og mest av alt lytte til andre med erfaring. Skal eg bevege meg i fleire døgn er det ikkje berre fysikk, men utstyr som bestemmer utfallet.
Når natta kjem og det er tid for å sove eit par timar skal ein liten camp etablerast. Teltet må setjast opp og det er ofte tyngst og tek lengst tid. Av og til har eg vore så utmatta at eg har valt å bara legger meg på eit liggjeunderlag i snøen. Men eksponert for vind, snø og kulde blir det sjeldan god søvn og lite optimalt for soveposen.

Eit av tiltaka mine for å redusere tid for oppsett av telt er å pakke teltet «ferdig» i ein pulk-pose. Spesielt er dette godt egna for tunell-telt hvor det sparer mye tid i motsetning til å benytte telt pakket i tradisjonell telt-pose. I tillegg teiper eg teltstengene med ein tynn og sterk teip. Eg bytter også ut dei tradisjonelle pluggane med snøpluggar og ispluggar.

  1. Teip alle ledd utanom det midtarste leddet på teltstengene (to delar og eitt ledd)
  2. Sett opp heile teltet inkludert innertelt
  3. Lukka igjen alle glidelås på innertelt og yttertelt
  4. Feste ein karabin i ein enden av ei langline på kortsida av teltet
  5. Løsne festelinene frå bakken og pakk saman alle pluggene
  6. Løsne den eine foten av alle teltstengene frå teltet
  7. Dytt halv delen av teltstengene ut fra kanalene
  8. Demonter midtleddet på teltstengene
  9. Brette dei to delene av teltstonga parallelt i kanalen på teltet
  10. Strekk den eine lina med karabin (punkt 4) utanfor teltduken
  11. Samle resterende liner inn på teltduken
  12. Rull teltet fint saman rundt dei todelte teltstengene med den eine lina med karabin utanfor teltduken
  13. Legg teltet i ein lang «pulkpose» som eksempelvis (Hilleberg Pulk-pose)
  14. Den eine lina som har karabin, festes til opninga til pulkposen.

Nå er teltet klart for tur og ekspedisjon og det vil vere raskt å sette opp teltet. Lina med karabin festes til pulk, sekk eller andre tunge element som fungerer som «anker». Dette for å sikra at teltet ikkje bles av garde når du tek det ut av posen og når du set det opp.

Har du ikkje pulkpose kan ein liten skipose eller liknande blir nytta.
Har du ikkje ispluggar kan du nytta stålspikar og hammar.