Til dei fleste konkurranser er der krav om ein minimums pakkeliste for å unngå unødige utfordringar og farer. Alle deltagere må framvise og få godkjent obligatorisk utstyr før vi mottar startnummer. Ei obligatorisk utstyrsliste danner også grunnlaget for at deltagere stiller med like forutsetninger.
Obligatorisk utstyrsliste frå Canal Adventure
Krav | Valg | Kommentar |
---|---|---|
Backpack | Salomon XA 35 L | God erfaring med sekken frå tidligare, sit godt på kroppen og er romslig. |
Sleeping bag | Sea to summit Spark SP 1 | Eit godt valg, men eg vart litt kald om natta (-5 celcius), så eg supplerte med overlevelseseduken. Med erfaringa eg nå i ettertid sitt med – hadde eg i likhet med fleire andre valgt Mountain Equipment Xenith III |
Lighter | Stormlighter | For å kunne lage bål. |
Compass | enkelt kompass | Enkelt kompass av kvalitet |
Knife (minimum blade of 3,5 cm) | Unboxer | Velger alltid ein solid kniv som kan benyttast som eit allsidig verktøy |
Mirror (at least 6 cm of diameter) | Til å signalisere via sol ved nødtilfelle, men også fint å ha når innsekter o.l. kommer i øynene | |
Whistle x1 | For å tilkalle hjelp. Det følger med ei fløyte på dei fleste løpevestar. | |
Survival blanket (2,20 x 1,40 m) x1 | Overlevelsesduk | For å surre rundt kroppen ved nedkjøling og fin å ha over soveposen når det er ekstra kaldt |
Headlamp x2 | hodelykt med aaa-batteri | Eg velger alltid to like lykter for å kunne bytte batteri, pærer feste ol. Velger lykt med rødt lys for å bruke om natta inne i teltet uten å unødvendig plage de som sover og for å beholde eget nattsyn. |
Additional batteries x4 | Vi bruker hodelykter kvar kveld og ved dobesøk om natta. Mine hodelykter bruker 3 batteri. | |
Utensils to cook x1 | esbit pocket stove | I konkurransen er det ikkje tillatt med gass eller flytende brensel, så løsningen ble en enkel stove med tablettfyring |
Solid fuel tablets x20 | Fyringstabletter for frukost og middag x 10 | |
Medical pocket for the first aid x1 | Smertestillende, betennelsedempende, mage, infeksjon, plaster, vannrensetabletter, … | |
Salt tablets x20 | Salt/elektrolytter i form av pulver frå apoteket og ellers Real Turmat sitt drikkepulver. | |
Compression bands x2 | Elastisk + ein sjølvklebande | Ved slangebitt, overtråkk, osv… |
Water bidons of 1 liter each (or similar) x2 | Salomon softflask + Nalgene | Eg velger 3×0,5 softflask + ein 0,5 l Nalgene flaske. Nalgeneflaska er meir anvendelig – som kopp til te om kvelden. |
Food 10 days x 2000 calories per day | Real Turmat (frukost, lunsj og middag), potetegull, ølpølser, peanøtter og energibarer og smågodt | Er ikkje så glad i gel, så eg velger ut frå innhald, smak og kalorier |
Mat og drikke – energi
Det er for meg viktig å ha noko som smaker godt og mat som er kjent. Da er det lettere å motvirke «taste fatigue» og lettare å få i seg maten når matlysta forsvinn etter fleire dager ute i villmarka. Nokon liker å gjere det enkelt med gel – men eg sverger meir til ordinær mat og sper på med salt mat som erstatter salt-tabeletter. Saman med å karbohydrater og kalorier har eg fokus på å få i meg proteiner for å begrense katabolisme og ivareta yteevnen.
Eg drikk for det meste reint vatn, men har med nokre tabletter med smak og Real turmat sin energi-drikk. Etter dagsetappene drikk eg ein recovery-drikk med sjokolade eller vaniljesmak. Påfølgende et eg ein salt suppe som lunsj for å bygge opp påfølgande dags natriumbehovet på 300 – 600 mg · h⁻¹ ved høy svetterate. Til middag og før eg legg meg et eg middagsretter frå Real Turmat.



Bekledning
I denne type varme løp benytter eg «alltid» tynn t-shirt av merionoull som eg kan «dynke» litt med vatn som gjer at kroppen lettare held seg kjølig. Har i tillegg ein tynn merinoull genser og dunjakke for kvelden. To bokser-shorts av bambus og ein lett shorts utan innertruse frå Salomon fungerer bra på beina.




Sko
Etter å ha vurdert blant anna Norda 003 med nydelig mellomsåle, men som mangler ønsket respons, hadde eg håpa på å få testa ut NNormal Kjerag 2, den vart for vanskelig å oppdrive då den ikkje hadde blitt lansert ennå. Men – eg er umåtelig glad for min relasjon til Erling i Run Norge som i utallige konkurransar har bidratt med sko frå Hoka. Med riktig Hoka på beina er det ikkje noko usikkerhet for meg, dei har vore tryggheita sjølv for meg når det gjeld valg sko til denne type konkurransar og denne gongen vart det Hoka Tecton X3. Eineståande valg av løpesko til denne konkurransen. 3-4 par strømper av merionoull med forskjellig tykkelse har eg og med.
Navigering, sikkerhet og kommunikasjon
Garmin Enduro 3 og Garmin inReach Mini 2 utfyller kvarandre svært godt og er ei optimal oppsetning for ultraløp i aude og utsette område. Burde vore ein standard for alle som skal løpe tilsvarande lange løp. Her er ein oversikt over korleis kombinasjonen av Enduro 3 og inReach Mini gav meg tryggleik, funksjonalitet og kontroll gjennom 520 km i australsk øydemark.
Garmin Enduro 3
Tidtaking nytta eg for å måle dagsetappar med kontrollpunkt, væskeinntak og mat med å bruk av rundetid-funksjonen. Kart, navigasjon og ruteoversikt gav meg god kontroll når merking og stivalg var utfordrande – spesielt i mørke og teknisk terreng. Track back er og fin funksjon om eg hadde mista stien.
ClimbPro vart brukt dei to første dagane til å vurdera lengd og stigning på motbakka, noko som hjelpte med energiøkonomisering og tempo-justering.
Den innebygde LED-lampa fungerte som lommelykt ved toalettbesøk om natta og når eg ikkje fann hodelykta. Raudt lys i telt for å bevare nattsynet.
At klokka etter ti dagar med navigasjon i villmarka hadde over ein månad med straum igjen er heilt rått og understreker at Enduro 3 er eineståande som verktøy i ein så lang konkurranse. Solcelle bidrog til å halda batteriet lada i solrike etappar.
Garmin inReach Mini 2
InReach har eg alltid med sekken som ein garantert sikkerhet. I kombinasjon med mobiltelefonen min kan eg enkelt sende og få meldingar (og lesa dei via skjermen på min Enduro 3), videre får eg oppdatert vêrvarsel og kan dele min posisjon med ønskte kontaktar, så dei kan følgja meg på kartet.
Men det viktigaste er at eg med eit tastetrykk kan kontakta redningstenesta GEOS døgnet rundt – om ein livstruande situasjon skulle oppstå. Det kunne vore avgjerande ved bitt frå edderkopp, slange og andre reptiler, skade eller alvorleg dehydrering.
Garmin Enduro og inReach mini er ei optimal oppsetning for ultraløp i aude og utsatte område, og eit førebilete for andre som skal springe tilsvarande eventyrløp eller sjølvforsynte etappeløp.




Tillegg – komfort
Eg har ofte med oppblåsbart liggeunderlag og pute for god søvn. I denne konkurransen var det meldt om temperaturer ned mot frysepunktet på natta, så eg hadde med eit liggeunderlag med R-verdi på over 4. Dette liggeunderlag fungerer i tillegg som om stol på dagen ved å brettet saman, samt praktisk når eg vil ha beina høgt og ligg på bakken.
Eg har også med såpe i form av «små flak» som eg tar oppi ein zip-pose halvfull med vann og klede som eg ønsker å vaske. På denne måten har eg «reine» klede nestan kvar dag.

