Eg skulle testa ut kva løpesko som var best eigna til bruk i mark og skog utover hausten. Hausten er ei årstid prega av vått og sleipt underlag som er uoversiktleg og dessutan uendelege med myrområder kvar vatnet gjerne står til knea. Etter å ha grovtesta nokon løpesko over tid – plukka eg ut dei tre favorittane nedanfor.

VJ MAXx

VJ MAXx er skoa Spiderman nyttar når han er sliten i beina av dei tøffe VJ iRock – du kan bokstavlig talt klatra i loddrette vegger med denne fantastiske sålen og gummiblanding. Men såla er ikkje alt, for meg blir dette smale sko som pressar og gneg på sidene. Mellomsålen er òg litt i det hardaste laget for lange løp. Sålen er av same gummi som VJ iRock, men mindre og fleire kanaster.

Hoka Torrent 2

Torrent 2 er ein lett sko med godt grep, god såle og godt polstra overdel. For lange løp over 50 km er Torrent 2 fyrste valet mitt, sjølv om dei to andre alternativa har betre grep i sålen. Grunngivinga er den saftige sålen som er behagleg for bein og muskulatur over tid og ein god nok såle.

Asics Gel-Fuji Trabuco Sky

Trabuco Sky er dei skoa som overraska mest. Asics som merke har eg hovudsakleg knytt til asfalt og mengdetrening. Når eg sat beina i «Trabuco Sky» må det ha vore tilsvarande som hos Askepott – dette er sko som er «smidd» for beina mine.
Skoa er veldig lett, har godt vern, mjuk såla, fantastisk greip og dreneringshull langs sålen i forfot. Eg vurderer Trabuco Sky som mitt førsteval for intervall og løp inntil 50 km – for større distansar har dei litt for tynn såle.