Eg las «180km with 9600m of elevation», Romania og navnet «Beast 180k» då var eg overtygd om at dette måtte være eit flott eventyr for kjærasten min og meg.
Kjærasten som er den tøffaste i verda drakk te og skrolla på sosiale medier med mobilen då eg spurde om ho ville bli med – ho svarte uanfekta «ja» som bare ein zombie kan gjere betre. Eg spurde om ho ville ha meir salt i teen – «ja» gjentok ho… Eg lot være å seie noko meir – heiv meg over påmeldingsskjemaet og der var vi tilmeldt, billig flyreise som var umulig å endre, leiebil og opphald vart bestilt.
Ein positiv tilbakemelding frå arrangør om deltagelse kom på e-post litt seinare og ei påfølgende anbefaling om å endre lokasjon for hotell som eg hadde booka. Namna på fylka er det samme som byane, så eg hadde booka hotell 109 km unna.
Romania
Romania er nabolandet til Ukraina og er ein demokratisk republikk som under folketellingen i 2011 hadde eit innbyggertall på over 21 million. Romania har lite voldskriminalitet, men tyverier av pass, mobil og penger kan som i andre land forekomme. Romania er et land med mye fjell og har et temperert innlandsklima med store temperaturforskjeller mellom dag og natt, og mellom sommer og vinter.
Lokal valuta er lei med valutakode RON 50% av norsk krone. Det er minibanker overalt og betalingskort benyttes over hele landet.
Rumensk er femte største romanske språk i verden og de fremste fremmedspråk er fransk og engelsk.
Hele 96,5 % av alle rumenerne tror på gud, 84,4 % tror på helgener, 60 % tror at det finnes et himmelrike, 58 % tror at det finnes et helvete og 54 % på et etterliv. Romania har 576 sykehus, hvorav 367 var statlige, med til sammen 132 480 senger. Maten er svært god og rimelig, menneskene er gjestfrie og vennlig.
Bekledning og utstyr
Liss – kjærasten min har løpt sålane av mange løpesko og testa utstyr over mange år og eg sjølv har saumfarta utvalget av løpesko hos Oslo Sportslager og hos produsentar i mange år. Så med samla erfaring som ballast, gode råd frå dei ansatte i butikken og nokre dagar med testing i den norske fjellheimen valgte både Liss og eg dei nye Hoka Tecton X og i ettertid kan vi seie at det var eit vellykka val.
Blid og fornøgd
Konkurransen tillet ein dropbag med «reservedeler» som deltagerane har tilgang til etter ca 100 km. Der plasserte eg eit par byttesko om beina følte for dette underveis. Skoa i dropbaggen – Hoka Mafate Speed 4 har eg testa over «lang tid» og er særs fornøgd med dei. Mafate er glimrende mengdesko til norske fjell og terreng som blir lansert August 2022. Liss valget å ha eit par Brooks Caldera 6 som innbytte i dropbaggen som også er saftig og svært gode sko ho tidligare har løpt med frå Oslo til Bergen. I dropbaggen la vi litt ekstra mat samt ein varm genser og buske om det skulle bli kaldt – de brukte eg ikkje.
9.600 høydemeter
lette og sammenleggbare staver
Valg av løpevest for å ha utstyr, næring og klede i har innen kvalitet, vekt og funksjon vært dominert av Salomon i ein god periode og er fortsatt det – så her var det bare å finne størrelse som passar til oppdraget. Eg benytta meg av Sens Pro 10 og Liss ein Sens Ultra 8 som viste seg å være perfekt for oss i denne konkurransen. Til navigering benytta vi klokkene Garmin Fenix 7X Sapphire Solar og Garmin Enduro 2 som har batteritid for fleire veke med navigering. I tillegg hadde vi med ein Garmin inReach Mini 2 for bruk utan mobildekning- til nødmeldinger, sporing av oss i sanntid og mulighet til å kommunisere.
Så var det bekledning. Konkurransens topografi er djupe dalar og høgfjell ganske likt norske forhold, men litt varmare i været. Eg hadde plukka ut ein shorts frå Northface som resulterte i gnagesår i skrittet, men eg fikk heldigvis bytta til ein thights frå Salomon som eg hadde i sekken. På overkroppen valgte eg å ta med to t-shirt frå Salomon Sens Aero og S-Lab Exo for siste del. Liss benytta ei høgt elska t-shirt frå Brynje. Regntøy med minimum vannsøyle 10.000 var påkrevd og valget vart Salomon S/LAB GORE-TEX SHAKEDRY jakker som er konstruer for å få plass til å ha sekken på innsida, lydløst stoff, samt pannebånd montert i hetta. Regnbukse blei ei lett Salomon Bonatti Hybrid som har skall foran og pustende stoff på baksida. Denne buksa vart i det enklaste laget og ikkje optimal i dei voldsomme regnskylla underveis – vi burde valgt å ta med ei 100% skallbukse med vanntetthet på minimum 10.000. Strømper – vi brukar merinoull med færrest mulig sømmer ( Brynje og Prism). Som mellomlag tok vi med dei fantastiske Norrøna Lyngen Alpha90 – microfleece som er varm, lett og ristes tørr «på eit blunk».
rompe-trol eller rom-petrol
Midt i høgtida for flystreik og bagasje sett vi oss på fly til Iasi – Romania via Berlin. Med bare håndbagasje gjekk dette flott med flybytte og ikkje bare flyreisa – vel framme fikk vi tildelt ein splitter ny Ford Mondeo stasjonsvogn som leiebil. Ved ankomst med fly til Iasi i Romania forsto vi at dette var et velutvikla land med både 5G, asfalterte vegar og ein Tesla.
Kjøreturen til Bucovina på fire timar ga oss muligheit til å bli kjent med folkeferd, arkitektur, kultur og natur. Vegane var gode med nokre unntak og det var fin flyt i trafikken med tilsvarande hastigheter som i Noreg. Det var mange små tettsteder og for utenom litt store hus med annan arkitektur kunne terreng og natur like gjerne vore i Gudbrandsdalen.
Vi stoppa og spiste på ein litt luksuriøs fiskerestaurant med eige oppdrettsanlegg der fisken vaka langt ute på landsbygda – Liss fant restauranten via Google Maps. Ein god middag for to med påfølgende kaffe og lokal kake kom på tre hundre kroner servert av høflig personale. Det var enkelt å navigere seg fram til Bucovina og hotellet – hotellet ringte forøvrig underveis for å kontrollere at vi var på rett veg.
Bucovina er navnet både på region og byen vi bodde i. Hotellet eg hadde funne på Booking.com var fint og låg midt i den lille byen. Det var god vestlig standard og eit
Konkurransedag
Vi var spent i kroppen og hadde sovet litt dårlig til løpsdagen. Vi hadde planlagt alt i forkant så vi hadde god tid om morgonen og valgte derfor å spiste ein god frukost hos ein uterestaurant på torget ved startstreken. Når starttid nærma seg vart det intervju på nasjonal tv.
TV-intervju kan være både utfordrende og moro
Etter intervju og tildeling av startnummer var det start og det bar oppover og oppover – brattare og brattare i skog og etterkvart skibakker. Det blei ein uvanlig treig start ettersom Liss fekk mageproblemer – og ikkje blei det betre for oss utover løpet. Når Liss begynte å bli betre, vart eg dårligere, så vi bremsa litt i kvar din ende. Eg gjekk heilt tom for energi då eg ikkje fekk i meg mat før ved nest siste kontrollpunkt – då fråtsa eg i salt kjøttpålegg, å gud så godt. Av mannskapa fekk eg med nesten eit halvt kilo nå vi fortsatte frå kontrollpunktet.
Sjølve løpet gjekk i flott natur som kunne minne litt om urskog i Noreg. Men løpet var tøft – med motbakker så bratte at man måtte bruke klatretau og det var mange og lange bakkar.
Fortsettelse følger…