The Track Australia

The Track Australia 2025 – 520 km på yttergrensa i livet
– ikkje berre eit løp. Dette er ein kamp mot naturen, kroppen – og tankane. The Track Australia strekkjer seg over 520 kilometer gjennom noko av verdas mest ugjestmilde og livsfarlege terreng: den australske Outbacken. Frå Alice Springs til det hellige fjellet Uluru, gjennom støv, kløftar og eldgamle fjellkjeder – i eit landskap der dei dødelegaste reptila på planeten lever. Ta eitt steg feil, og du kan møta alt frå taipaner til ørkenslangar og giftige edderkoppar. Dette er heimen dykkar. Vi er berre gjester.

I mai 2025 stod eg skulder ved skulder med spesialsoldater, elitesoldater og profesjonelle ultraløpere frå heile verda. Mange hadde brukt månader – for nokon, år – på førebuingar. Likevel var vi alle reduserte til det same: slitne kroppar med 7–10 kilo på ryggen, tvinga til å bera alt vi trong for å overleve. Kvar einaste kalori var målt og veid. Kvar drope vatn blir nøye fordelt. Tre vannstasjoner per dag – 2 liter per stasjon. Ikkje ein dråpe meir.

Løpet gjekk over ni etappar på ti døgn. Nokre etappar var tekniske, andre var brutale strekningar i opne ørkenlandskap i 40 plussgrader på dagtid og med temperaturfall til 5 minusgrader om natta. Rabdomyolyse, dehydrering, heteslag og utmatting er ikkje hypotetiske farar. Dei er reelle. Berre halvparten fullføre der fleire av deltakarane undervurderer løypa, terrenget – eller seg sjølv.

Eg gjennomførte. Og eg vart nummer tre blant herrane.

Her deler eg erfaringane frå eit løp der du risikerer å mista meir enn berre tid – og kvar det å kryssa målstreken betyr at du har overvunne noko langt større enn distansen.

Utstyr til 520 km i australsk villmark

Til dei fleste konkurranser er der krav til ein minimums pakkliste for å unngå grunnleggande sikkerheit, unødige utfordringar og at dei enkelte deltagera stiller med like forutsetninger. Obligatorisk utstyrsliste frå Canal Adventure Krav Valg Kommentar Backpack Salomon XA 35 L God erfaring med sekken frå tidligare, sit godt på kroppen […]

Read More