Å gå opp på Kilimanjaro er eit fantastisk eventyr, men det krev at vi alle tek tryggleiken på alvor. Hovudguiden vår, Gaudence, har gått opp på toppen heile 386 gonger med turistar – heilt utan alvorlege ulykker. Denne imponerande erfaringa betyr at du er i trygge hender. Samtidig forventar Gaudence at du tek ansvar for eiga helse, førebuingar og utstyr, slik at vi kan gjennomføre turen på ein trygg og positiv måte.

Fullføringsfrekvens

Det er viktig å vere klar over at ikkje alle når toppen av Kilimanjaro. Statistisk sett må ein del snu før Uhuru Peak på grunn av høgdesjuke, mangelfull førebuing og nokre få med skader. For Marangu-ruta har har vår variant med ekstra kviledag ein suksessrate på ca. 80%. Men hugs i denne statistikken finn vi både asiatere og amerikanere med dårleg tid og mykje pengar – dei kan heller ikkje kjøpe seg god akklimatisering. Så, med rett utstyr og dedikert trening aukar sjansen betraktelig for at du skal stå saman med venner på Afrikas høgaste punkt.

Her er nokre viktige punkt

Fysisk førebuing

Kilimanjaro ligg nesten 6000 meter over havet, og ei gradvis akklimatisering er avgjerande. Trening i god tid før avreise (kondisjon, styrke og uthald) reduserer risikoen for høgdesjuke og skadar. Eg kan gi gode råd om trening, men det er fortsatt du som må gjere jobben.

Rett utstyr

Følg med på Frode dine råd om turtøy, gode sko og sovepose til kalde netter. Pakkeliste vil bli gjennomgått på Teams-møte, distribuert i forkant. Så skal du teste det på fjelltur her heime i forkant av turen. Det er viktig å følgja god råd for å unngå unødvendige utfordringar og kunne ha fokus på det viktige – komme seg opp!

Lytt til kroppen

Høgdesjuke kan ramme alle, uansett form – Frode har også hatt dette. Sei frå til guiden ved hovudverk, kvalme eller uvanleg slappheit. Gaudence og teamet gjer løpande helsesjekk og legg til rette tempo for best mogleg akklimatisering.

Følg instruksjonane

Gaudence er stolt av yrket sitt og legg opp til ei trygg rute, men han forventar at gjestene følgjer råda og rutinane han gir. Dette inkluderer pausar, inntak av vann og «roleg» tempo undervegs.

Ansvar for eigen tryggleik

Det er vesentleg at du sjølv passar på nok drikke, vern mot sola og at du et godt. Eit positivt og aktivt bidrag frå kvar enkelt gjer at heile gruppa får ei betre oppleving.

Reiseforsikring

Sørg for å ha ei gyldig reiseforsikring for denne type høgder og som dekkjer høgdesjuke og eventuell evakuering. Dette er eit grunnleggjande krav for å delta på turen.

Med god førebuing, rett innstilling og ein guide som Gaudence i spissen, ligg alt til rette for ei trygg og inspirerande reise mot Afrikas tak. Vi gler oss til å dele denne opplevinga med deg!