Å velge ein lokal guide eg kjenner frå Kilimanjaro-området gir deg ikkje berre ei stor kostnadsinnsparing – du unngår mellomledd og pengane går direkte til lokalsamfunnet, slik at guidar og berarar får rettferdig betalt. I staden for å vere «kunde hos eit norsk byrå», blir du ein personleg gjest hos dei lokale. Samtidig får du førstehandkunnskap om fjellet, kulturen og naturen frå dei som lever i området. Og guiden vår er ikkje kven som helst – Gaudence er ein legende med 386 bestigningar av Kilimanjaro.
Pris og pakke:
Pakken vil koste om lag 24.000 NOK per person. Fleire deltakarar gir litt lågare pris, så her er det bare å rekruttere.
Dette inkluderer den praktiske tilrettelegginga i Tanzania, felles førebuingsmøter (online), kartlegging av personleg utstyr, treningsplan, til ein felles fjelltur i Noreg før avreise. Sjølve bestigning av Kilimanjaro med inngangskostand til nasjonalparken, overnattingar på hyttene, guide, kokk med mat, berarar, sikkerhet og fellesutstyr – og dessutan safari er også dekt. Vi skal betale inn ein liten del i depositum også, etter kvart.
Dine ekstrakostnader:
Flybillettar
Visum – online (50 USD)
Ekstra hotellnetter (ca. 500 NOK)
Reiseforsikring for høyder + 4000 moh. (eksempel: Global rescue)
Personlig utstyr og kledning
Snacks og ekstra drikke undervegs
Det er også vanleg å gi litt tips til teamet etter turen
Fleire vel dessutan å forlengja opphaldet med nokre dagar på Diani Beach.
Det kan være at eg har bomma på noko, men trur dette er fasiten.