Fjellstøvel for raske eventyr i fjellet
Eg, har vore på jakt etter den optimale fjellstøvelen for krevjande turar med tyngre oppakning i fjellet – sommer og vinter. Denne gongen har eg testa Mammut Eiger Speed BOA High, ein lett og teknisk fjellstøvel frå Mammut som lovar å levere på både ytelse og komfort.
Light and fast
Mammut beskriv Eiger Speed BOA® High GTX som ein medlem av «Light and Fast»-familien, og det er ikkje utan grunn. Denne fjellstøvelen er laga for å yte fart med minimal vekt – perfekt for når eg ønskjer å bevege meg raskt og effektivt i alpint terreng.
Teknologi og komfort
Med Vibram sin «Litebase Megagrip» yttersole har skoa godt grep på varierande underlag, anten det er snø, is eller steinete terreng. For å rask og presis justering har støvelen BOA Fit System, som gjer justering enkelt sjølv med hanskar på. Den integrerte gamasjen med hemper på gjer det enkelt å ta støvlane på, noko som er ein stor fordel i kaldt og utfordrande vêr.
Stegjern
Eg har ennå ikkje testa det, men Eiger Speed BOA® High GTX er også stegjern-kompatible, noko som gjer dei attraktive for dei mest tekniske vinterturane. Den godt beskytta tåboksa gir ekstra vern, og med ei vekt på berre 480g per støvel, er skoa i tillegg svært så lett. Summen av dette er også svært så gunstig når eg benytter truger for løping i konkurranser.
Perfekt for norske forhold
Då eg konkurrerer og testar utstyr i dei tøffaste vinterforholda, ser eg verkeleg fram til vinteren for eg har store forventningar til desse støvlane – med og utan stegjern. GORE-TEX membranet sikrar at føtene held seg tørre uansett vêr, og den polstra mellomsålen gir god demping og komfort sjølv på dei lengste turane.
Denne fjellstøvelen lagd for å kombinere tempo, komfort og pålitelighet året rundt.