Eit trygt val for skiftande vêrforhold i fjella

Ekstreme og overaskande vêrforhold under fjelløping er ikkje uvanelig og da er Mammut Eiger Speed HS ei bukse eg har blitt svært så glad i. Gjennom mange år med testing av utstyr og erfaring i alle ekstreme forhold har eg testa ulike vann og vindtette bukser, dei fleste med 10.000 mm vasskolonne, men Mammut Eiger Speed HS, med sin imponerande 20000 mm vasskolonne, set ein ny standard. Denne buksa gir ikkje berre utmerkt beskyttelse mot regnvatn og sterk vind, men ho har også ei overraskande god isolasjonsevne. Sjølv med berre ein shorts når buksa er i direkte kontakt med huda, kjennest den aldri kald, noko som reduserer sannsynligheita for stiv muskulatur og ytelse i tøffe forhold – litt betre komfort blir det og.

Eiger Speed HS er den perfekte minimalistiske lagdelingsløysinga for dei som prioriterer fart, anten det er løping eller raske skiturer. Den tredobbelte lagkonstruksjonen sikrar at buksa er vind- og vasstett, og gir ekstra vern. Laga av resirkulert nylon, er buksa også svært pustande og slitesterk, noko som kjem til nytte i den norske fjellheimen med steinrøys og krattskog. Å nytta resirkulert nylon i produksjonen bidreg også til å avgrensa avfall, noko som hjelper miljøet.

Ein annan stor fordel med Mammut Eiger Speed HS er kor enkel han er å ta på seg. Med fullengde tovegs glidelås på kvar ytterside av beina, kan eg enkelt kle på meg buksa utan å måtta ta av skoa. Dette gjer det raskt og effektivt å skifta utstyr, noko som er essensielt i konkurransesammenheng og hyppige skiftande vêrforhold i høgfjellet. Med heile 20.000 vasskolonne og ein konstruksjon med fleire lag veg buksa heller ikkje mykje, med sine små 264 gram.

For meg som driv med løping, klatring og guiding i fjella, er Mammut Eiger Speed HS eit påliteleg vern mot elementa, samtidig som eg beheld ein komfortabel kroppstemperatur og rørslefridom.