Eg elskar å vere isolert frå omverda, gjerne i fleire døgn – kjenne på kor liten eg er i forhold til naturen. I konkurransane eg deltek i, er det ofte kritisk når utstyr ikkje fungerer som forventa. Då må eg stole på mine eigne evner til å tilpasse meg situasjonen, noko som gjer meg til både ein betre utøvar og menneske. Eg vil helst unngå overraskingar, og derfor er det bra at eg har stor interesse for klede og utstyr. Eg har testa utallige treningsplagg i karrieren min og lært at små detaljar ofte kan utgjere ein stor skilnad.

Gjennom erfaring med utvikling, testing og røff bruk av forskjellige klede, har eg funne ut at på sommaren trivst kroppen min best i ei tynn t-skjorte av merinoull. Ortovox, Brynje og Super.natural er gode døme basert på mi erfaring – Merinoull til trening og konkurransar.

Komfort og funksjonalitet

Når eg spring lange distansar, kan sjølv den minste irritasjonen utvikla seg til smertefulle sår. I motsetning til syntetisk stoff, gnagsår og såre brystvorter er merinoull kjend for sin mjuke komfort og gode pusteevne. Samstundes er merinoull naturlig fukttransporterande som opprettheld komforten over tid.

Tradisjonelle saumar på syntetiske T-skjorter har ein tendens til å samla salt frå sveitte, noko som over tid gjer dei stive og ubehagelege mot huda. Dette fører både til gnagsår og redusert prestasjonsevne. Dei tynne t-skjortene i merino frå Brynje har flate saumar som ikkje gneg mot huda , sjølv etter monge timar og dagar i villmarka.

Merinoull til trening og konkurransar: Merinoull regulerer naturleg kroppstemperaturen og held meg varm når det er kaldt og sval når temperaturen stig.
Merinoull til trening og konkurransar

Merinoull regulerer naturleg kroppstemperaturen og held meg varm når det er kaldt og sval når temperaturen stig -og sjølv om den er regnvåt under ei vindjakke – isolerer den veldig godt. Dette er spesielt praktisk under lange løp der riktig energiforbruk er utslagsgivende med variasjonar i temperatur og vær gjennom heile døgnet.

Naturleg

Undervegs i dei lange konkurransane forsvinn evna til å evaluere eigen kroppslukt og mang ein gong har eg skjemmest over odøren frå syntetiske plagg trass all verdens avanserte antibakterielle behandlingar. Då er det ein stor fordel med merinoull som av natur hindrar bakterievekst og held seg frisk lengre.

Miljø

Trass reisene til konkurransane eg deltek i, har eg eit bevist forhold til mitt miljøavtrykk. Eg brukar mykje tid i naturen som eg er svært så glad i – da er det godt å vite at merinoull er eit naturleg og bærekraftig materiale. Det er biologisk nedbrytbart og krev færre kjemikaler i produksjonen og reduserer plastavfall og miljøforureining – samanlikna med syntetiske stoff.

Den lokale tekstilindustrien

Brynje er ei norsk merkevare med djupe røter i den lokale tekstilindustrien og det gir meg ei god kjensle å vita at eg støttar ei Norsk verksemd. Ved å handle frå Brynje, støtter eg ikkje berre ei verksemd med etisk produksjon og høg kvalitetsstandard, men eg bidreg og til å styrkja den norske økonomien.

Eg synest det er særs viktig å tenke miljø, kvalitet, handle lokalt og støtte norsk innovasjon og handverk!

Frode Lein