Når eg skal delta i krevende konkurranser – om det er lange ultraløp, på ski eller sykkel, forlanger arrangørane stadig oftere dokumentasjon på fysikk. Sjølv om eg kan springe hundrevis av kilometer, seier ikkje det nødvendigvis så mykje om tilstanden til hjarte. Derfor ønsker arrangørane som risikoreduserende tiltak at helsepersonell sjekker deltakarane for mulige hjarterelaterte risikofaktorar før vi får eit startnummer. Å måle EKG som dokumentasjon kan også være eit krav frå forsikringsselskap.
Tidlegare har EKG måling vore ein omfattande prosess med legebesøk, helsepersonell og elektroder på kroppen for å fange opp elektronisk impuls frå hjarte.
Nå er det berre enkelt – Eg set meg i sofaen heime, opnar EKG-appen på klokka, legg tommel og pekefinger på klokkeringen – og sender resultatet umiddelbart til arrangør, utan å ta beslag på helsepersonell.

