Fantastisk sko til terreng maraton
Eg har testa Nnormal Kjerag i snart eit år og synes dette er ein perfekt sko når eg ønskjer å prestere i tøft terreng og litt lengre distansar.
Nnormal Kjerag har blitt utvikla av den mest kjende fjelløparen i verda, Kilian Jornet i samarbeid med skoprodusenten Camper. Kilian Jornet bur i Romsdalen så skoa har blitt både testa og utvikla for å tåle dei ekstreme forholda i den norske fjellheimen.
Ein allsidig terrengløpesko
Overdelen av Kjerag er laga av Kevlar-belagt garn, som bidreg til at den veg lite (200 gram) og har ein særs god slitestyrke. Samstundes sit den godt på foten, er lett å vaske og tørkar raskt. Killian har bevist at Kjerag er av høy kvalitet ved å vinne både Hardrock 100 og UTMB i same par Kjerag-sko.
Nnormal har utvikla eit skum til Kjerag i mellomsålen, som gir god stabilitet, komfort og ein fin retur. Med eit hælparti på bare 23 mm og lav dropp, oppnår eg god bakkekontakt og eit naturleg løpssteg. Kjerag har ingen innersåle, noko som aukar komforten og reduserer friksjon. Yttersålen er laga av Vibram Litebase Megagrip med 3,5 mm knastar som sit godt på både vått og tørt underlag, og har god stabilitet på tekniske stiar og i steinura.
Kort fortalt
Nnormal Kjerag gir meg den sjølvtilliten eg treng for å utfordre det tøffaste terrenget, anten det er bratte sva og fjell, tekniske stier og myr eller langt ute i havgapet. Dette er meir enn ein god sko – det er ei investering i kvalitet, komfort og bærekraft.
Opplev forskjellen og møt dei tøffaste utfordringane med Oslo Sportslager.