Når eg skal på tur i fjellet søker eg det enkel livet og å bevege meg lett og raskt i naturen. Utstyret som eg eig, alt frå sekk til gassbrenner, er eit møysommelig utvalg av kvalitet som eg kan stole på i krevjande situasjonar. Eg sett stor pris på gjenbruk av utstyr som eg allerede eig, så når eg må kjøpe nytt prøver eg å dekke fleire bruksområder for dei nye kleda og utstyr.

Når det kjem til overnatting prøver eg å gjere det enkelt og praktisk der eg benytter de fasiliteter som er tilgjengelig om det er å sove i hytter, fjellstuer eller i medbragt telt.

Overnatting på DNT hytter

Om eg kan legge opp turen med bruk av DNT-hytter som overnatting sparer eg mykje vekt i sekken- alt frå telt, sovepose til turkjøkken. Dei fleste DNT-hyttene har sengeplasser med dyne og pute – da treng eg berre å ta med ein lakenpose og putetrekk istedenfor ein sovepose som krev meir volum og større sekk. Ved å bruke DNT-hyttene får eg også tilgang på kjøkken som ofte har gasskomfyr og da kan eg legge igjen heile tur-kjøkkenet med kasserolle og tallerken. Eg lager da varm mat på DNT-hytta og tar maten med i ein mat-termos. Varm mat underveis til neste stopp er fantastisk om det er frysetørka turmat eller bare er ein liten porsjon nudler. Eg brukar i forkant av turen sjekke om det er «matlager» tilgjengelig på DNT-hyttene eg skal passere og overnatte på – då planlegg eg turen med mat i sekken fram til neste matlager + ein reserve porsjon med frysetørka turmat som kan nytast med kaldt fjellvatn. På dei fleste DNT-hyttene kan eg også tørke klede og varme meg. Ein varm og utkvilt kropp krev mindre energi å halde i gang.

Med DNT-hytter som overnatting er det nok med ein 8-15 liters løpesekk, der eg får med det som er nødvendig av klede, mat, sikkerhet og nødutstyr.

Overnatting ute

Når eg skal på tur og ikkje skal benytte meg av hytte, blir valget telt – som igjen krever litt større sekk. Telt er meir komfortabelt enn ein bivy, gapahuk/tarp eller hengekøye der det er mulig å sitte inne i ly av regn, vind og kulde for å lage god mat. I tillegg må eg ha med egna sovepose, liggeunderlag, mat og tur-kjøkken (bensin når det er kaldt og gass ellers) .

Sovepose

På dei varmaste dagane ligg eg i ein lakenpose eller Quilt (2/3 åpen teppepose). Eg foretrekk lette soveposer med impregnert dun framfor tyngre kunstfiber, sjølv om kunstfiber er billigare og held betre på varmen når den blir våt. Eg har soveposer for heile året med komfort ned til 10, -6 og -40 som eg supplerer med lakenpose når det blir litt kjølig, samt at eg har med ei Nalgene-flaske med varmt vatn i soveposen når eg legg meg. Damer frys lettere enn menn, så kjærasten min treng soveposer med meir isolasjon.

Liggeunderlag

Det er liggeunderlaget som beskytter kroppen mot kulda frå bakken – så eg velge underlag med låg vekt kombinert med volum og høgast mulig R-verdi. «Standard» liggeunderlag av skum er lettast og det mest slitesterke som eg brukar det på vinteren som beskyttelse og ekstra isolasjon under eit oppblåsbart underlag. Når det ikkje er minusgrader har eg oppblåsbart liggeunderlag for best mulig restitusjon og søvn. Ps. for økt komfort tapper eg ut ca. 1/4 av lufta frå liggeunderlaget. På dei varmaste dagane legg eg laken eller lakenpose rundt liggeunderlaget og bruker soveposen som dyne.

Tur-kjøkken

Eg har med frysetørka turmat og treng da ein enkel gassbrenner ala PocketRocket og ein liten kjele for å koke vatn. Eg har også litt luksus med – ein mygg-jager. For å spise mat benytter eg ein lang skje – lang for å ikkje kome i kontakt med den frysetørka maten når eg spis ut av pakken – etter å ha løpt i fleire døgn i villmarka utan å dusje.

Jakka på utsida av løpesekken.

Bekledning

Med netting innerst, lag, på lag på lag til sekken er tom. – det er min tilnærming for å ikkje fryse og for å pakke ein lett sekk. Alt av klede eg tar med – skal eg kunne kombinere for å ha ein god kroppstemperatur i all tenkelig vær. Det som er av ekstra klede i sekken er ei lue, tynne vottar i ull og langt ullundertøy.
Nokre favoritter eg har til fjellet er:

Norrøna Lyngen Alpha90 Raw Jacket – varmer godt, er lett, luftig og tørker ekstremt fort.
Salomon S-lab motionfit 360 jkt – vanntett membran uten lyd, plass til løpevest på innsida.
Craft Pro Hypervent LS Wind Top – lett og vindtett topp.
T-shirt fra Brynje eller Ortovox – tynn ull.
Norrøna falketind  Gore-Tex Paclite Pants – lett, vanntetthet, glidelås på sidene for lufting og av/på.
Super.natural og Ice Breaker sine silke/ull boksertruser.
Split-shorts fra Nike og Salomon – lett, limte sømmer på nettingtrusa.
Nike Phenom (BV4813-010), løpebukse
– Merinostrømper Brynje Active Wool Light Sock, Devold Running Low og Darn Tough Vermont Hike/trek.

Skotøy

Skal eg bære tyngre sekk foretrekk eg Hoka Kaha som gir god ankelstøtte, er slitesterk, passe myk og har ein god såle. Den er og fin som vintersko – og ser bra ut 🙂

Har eg lett sekk synes eg det er meir bekvemt med løpesko. Da får eg bevegd meg raskare, er lettare til beins og føler meg tryggare. Er det mest fin sti foretrekker eg Hoka Mafate Speed som er min favoritt for mengdetrening på sti. Er det mykje myr, ur og stein som vi finn i det norske høgfjellet er min favoritt ein såle frå produsenten VJ som heiter Superior Contact og har den beste gripevne som finnes. Sålen finn man under sko som blant anna VJ iRock og min favoritt for tida som er VJ XTRM 2 – den har perfekt passform for meg, gir god kjensle med underlag og god beskyttelse for tær.

Sekk og vest

Av store sekker har eg kjøpt Gregory Optic 48 som er veldig lett, har eit svært godt hoftebelte, elastisk ytterlomme og gode muligheter for å komprimere den. Eg har også Osprey Levity 60 som veier knapt 870 gram!

Av mindre sekker trives eg best med Ortovox Trace 25 (til og fra jobb-løping) og Peak alpint som er ein serie med eit svært godt bæresystem som er perfekt til raske turer – sitter som spyttet på ryggen. Eg bruker sekken i tillegg til topptur på ski.

Med løpevest får eg fordelt vekta på bagasjen foran og bak – dette gjer det meir bekvemt å løpe med i motsetning til tradisjonell sekk. Av løpevester er Salomon min favoritt – og eg har testa det meste av produsentar sidan 2013. Per i dag har eg Salomon på alt frå 2 til 35 liter. Det eg brukar mest i den norske fjellheimen er Salomon Sens ultra og Advanced Skin i størrelsene 8 til 12 liter. Men når eg deltar i konkurranser som krever full oppakning med mat som går over ei veke og meir, benytter eg Salomon XA 25 og 35 liter som er heilt eineståande.

Sikkerhet

Eg digger Ortovox «rolldoc» – førstehjelpsett som man raskt ruller ut, har god oversikt og enkel tilgang til utstyret. Viktig er det også å ha ein  overlevelsesduk (Rescue Blanket) i tilfelle nedkjøling som du kan lese meir om her.

Med den robuste Fenix-klokka frå Garmin er eg klar for all verdens villmark. Alt eg gjer, frå å sove til markløft, kajakkpadling og skreddarsydde treningsplaner, blir spora og analyserte via Garmin Connect – masse kjekke detaljar. Eg kan lett tilpasse profilar og utsjånad på skjerm for å synleggjere informasjon som er viktig for meg.
Når eg er i fjellet er det den særs nøyaktige navigeringa med detaljert kart og varsling når eg er ute av kurs som har høgast verdi – kombinert med batterikapasitet for alle feriedagane i året. Eit par bonus er «trådløs betaling» og den skarpe lommelykta som nødløysing når hovudlykta ikkje er tilgjengeleg – eller når eg ligg å kviar meg i soveposen og må ut av teltet på do.

Garmin inReach mini 2 er ein svært liten mobil-enhet som lèt meg halde kontakt med familie og venner via satellittkommunikasjon når eg er utanfor mobildekning. Eg kan enkelt trykkje på ein knapp for å senda nødmelding til redningssentralen om nødvendig. Tracback-funksjonen hjelper meg å finne vegen tilbake viss eg går meg vill, og med Garmin Explore-appen, utvider eg funksjonaliteten til telefonen med nøyaktig navigasjon og værmelding sjølv utan mobildekning. Eg kan være fleire veker i villmarka, og mine næraste kan framleis finna meg via satellittsporing.