Sjukt gode sko for teknisk terreng – VJ Lightspeed

Eg har verkeleg fått sansen for VJ Lightspeed. Trass i min frykt for å trakka over på grunn av den smale hælen til skoen, har Lightspeed vist seg å vera ein revolusjonerande løpesko. Mellomsålen gir ei utruleg god handtering av underlaget, og reduserer faren for å tråkke over, noko som gir meg auka sjølvtillit i krevjande terreng – magisk!

Eg har testa VJ Lightspeed grundig, både på intervalltreningar på sti, langdistanseløp i skogsterreng, og på grus. Eg gler meg til å prøva dei i høgfjellsterreng òg. Eit høgdepunkt med skoen er gripe-evna, som stammar frå sålane til VJ iRock-serien. Eg har ikkje opplevd betre grepet i vått terreng, perfekt for løping i skog, på fjell, stein og svaberg.

Bygd for fart i terreng

VJ Lightspeed er utvikla av den finske orienteringsprodusenten VJ Sport, kjent for skoa sine med eineståande grep. Lightspeed er skal vere racingversjonen av VJ MAX 2, med ein lett konstruksjon på 220 gram og ei komposittplate i mellomsålen som gir ein responsiv kjensle. Med 6mm dropp landar eg normalt langt framme, men der er meir enn nok demping om eg dumpar ned på hælen.

Komfort og grep

Overdelen av Lightspeed er konstruert for å halda foten godt på plass, absorberer minimalt med vann. Den tynne tunga er også utforma for å hindra at rusk kjem inn i skoen. Skoen er smal med innovative Fitlock-system som gir ein optimal passform ved å låse foten frå innsida av skoen. Tåboksa er brei og gi god balanse, demping og framdrift.
Yttersålen er laga av butylgummi med 3,5 mm knottar, som gir eksepsjonelt godt grep på våte overflater, samtidig som den tåler nokre korte strekningar på asfalt. Den integrerte komposittplata i mellomsålen gir både ekstra framdrift og vernar foten mot skarpe gjenstandar på stien.

VJ lightspeed
VJ lightspeed

Anbefaling

VJ Lightspeed er ein lett og smidig sko, ideell for løping i teknisk terreng og god i motbakkar. Den gir ei kjensle av fart og respons som er eineståande. Likevel er skoen litt tøff for føtene mine på lange ultradistansar.

VJ Lightspeed dei raskaste skoa eg har brukt i teknisk og vått terreng. Dei gir eit eineståande grep og ein responsiv kjensle som gjer løpeøkta ekstra morsom. Om du er ønsker ein sko som gir deg sjølvtillit i krevjande terreng og held deg rask, er VJ Lightspeed eit godt val.