For dei lange løp
Når det gjeld løpesko for dei lengste terrengløpa, er det viktig å ha ein saftig bidragsyter på beina. Då vil eg dra fram Hoka Tecton X2 – ein sko som har imponert, men ikkje overraskande. Eg har løpt fleire lange løp med den tidligare versjonen av Hoka Tecton.
God passform
Ei av oppgraderingane frå den første Hoka Tecton X er overdelen. Dette materialet blir også brukt i toppmodellar hos blant anna Salomon og består av resirkulert polyester vove rundt ein nylonkjerne. Resultatet er ein vassavvisande og slitesterk overdel som held foten din godt på plass, sjølv under dei mest krevjande forholda.
For oss med litt breiare føter, gir overdelen nok fleksibilitet til å vera komfortabel utan å miste støtte. Denne forbetringa, saman med ein betre plassert tunge er gode oppgraderinger frå første versjon.
Demping og respons
Med to lag skum med parallelle karbonfiberplater i midtsålen, får du ein flott balanse mellom demping og respons. Dette gir god fart og effektivitet, på gode stiar – men reduserer litt bakkefølelsen i meir teknisk terreng.
Hoka Tecton X2 har ein yttersole med Vibram Megagrip Litebase og 4 mm knastar. Dette gir eit solid grep på både våte og tørre overflater, og skoen klarer seg i tillegg godt i myra.
Når eg skal løpe lange ultraløp – treng eg sko som kombinerer komfort, lett materiale og gir best mulig framdrift, da er Hoka Tecton X2 med sine 252 gram eit godt valg.