Den umulige jakten på den perfekte terrengskoen
Med lang erfaring som coach, terreng og ultraløper, står eg ofte overfor spørsmålet: «Kva er den beste skoen for norsk terreng?» Med fire årstider som byr på varierande vêr og underlag, frå regn, is og snø til tørre stiar, glatte sva og steinete fjell, er valet av sko avgjerande. På toppen av dette er utvalet av sko enormt, noko som gjer rangeringa ennå vanskelegare. Her er nokre av mine favoritter og erfaringar med dei så langt – Beste terrengsko i 2024.
Den ultimate sko for motbakkeløp
Merrell MTL Skyfire 2 har imponert meg med det minimalistiske designet og kraftgjennomføringen i spesielt bratte motbakker i tillegg til tekniske terrengløp. Skoen veg berre 200 gram og har ein pustande og fast overdel som ikkje trekk til seg vatn, god komfort og støtte. Solen (Vibram Litebase Megagrip) med 5 mm knastar gir godt grep på både vått og tørt underlag. Skoen er nok litt tøff for beina mine på lange ultraløp, men den er ideell for kortare, intense økter og perfekt for intervaller i motbakke.
Raskeste sko i teknisk terreng
VJ Lightspeed er noko heilt nytt – gøy å springe med og ein nyvinning innan teknisk terrengløping. Med ei vekt på 220 gram og ein svært responsiv mellomsole, er denne skoen utruleg på det meste av underlag. Solen (Butylgummi) med 3,5 mm knastar er det beste på markedet og gir eksepsjonelt godt grep på dei sleipeste underlag og våte overflater, perfekt for skog og fjell. Fitlock-systemet sørger for at foten sit godt med lite friksjon og får best mulig passform, sjølv om skoen kan vere litt tøff for føtene på dei lengste distansane.
Perfekt sko for lengre distanser i ulendt terreng
Nnormal Kjerag, er ein allsidig og lett terrengløpesko som passar godt for fjell og litt lengre distansar. Med ei vekt på knapt 200 gram og ein skotsikker overdel i kevlar, kombinerer Kjerag vekt med slitestyrke heilt fantastisk. Solen (Vibram Litebase Megagrip) gir eit godt grep og er svært stabilitet i teknisk terreng. Skoen gir god plass til foten utan å vere romslig, ei fin løpskjensle med låg dropp og har ingen laus innersole – som skal redusere friksjon.
Den beste allsidige sko
Hoka Tecton X2 min favoritt for lange løp i varierte terreng. Overdelen av resirkulert polyester gir god passform som ikkje trekk til seg vatn og har god slitestyrke. Med to deilige skumlag og parallelle responsplater av karbonfiber i midtsolen, blir det ein god balanse mellom demping og lette fraspark. Solen (Vibram Litebase Megagrip) med 4 mm knastar sikrar eit solid grep på alle underlag. Med ei vekt på 252 gram, er denne skoen eit utmerket val for lange distansar.
Samandrag
Å finne den perfekte løpeskoen for norsk natur og terreng er ei umulig oppgåve. Forslaga mine er basert på grundig testing, personlege erfaringar og preferanser. Merrell Skyfire 2, VJ Lightspeed, Nnormal Kjerag, og Hoka Tecton X2 er alle fantastiske sko, kvar med sine særegenheter i ulike typar terreng og distansar. Men skal eg gå med tyngre oppakning i fjellet, vel eg heller ein litt høg og lett fjellsko frå Mammut eller Hoka.
Men med eit utvalg på over sju hundre joggesko, hvorav 165 terrengsko, fins det løpesko for alle føtter, ønsker og behov hos Oslo Sportslager. Test sjølv og finn din favoritt.