Mountain Ultra – Tian Shan-fjella, også kjent som «Himmelens fjell,» er det mest fascinerande og minst utforske fjellområdet i verda. Fjellkjeden strekker seg over 2900 kilometer frå Uzbekistan i vest, til Kina i aust og byr på spektakulære landskap som frå djupe dalar og gigantiske isbrear til majestetiske toppar på over 7400 meter. Blant fjelltoppane finn vi Jengish Chokusu og Khan Tengri, som er sju tusen meter høge. Den urørte og rå naturen i området kombineres med eit klima som skifter raskt mellom varme solfylte fjellsider til tordenvær med snø og hagl.

I denne dramatiske settingen deltok eg i «Tian Shan – Mountain Ultra» ein konkurranse som ikkje berre testa fysisk uthald, men også mental styrke. Løpet strekte seg langt over 200 kilometer med ei total stigning på over 10 500 meter, og utfordre deltakarane med høgder mellom 2 400 og 4 000 meter, der oksygennivået er merkbart lågare. Det var ikkje berre landskapet som gjorde dette løpet krevjande; værforholda varierte frå 31°C med steikande sol til 2–3°C med hagl og regn på same dag. I tillegg må vi som deltagera ha mat for ei veke, utstyr, bekledning, førstehjelp, sovepose osv i sekken som vi spring rundt med.

For meg skulle Mountain Ultra ikkje berre være ein konkurranse, men eit avbrekk med tid til refleksjon og oppleving av lokal kultur, nyte den ville naturen i tillegg til å utfordre meg sjølv. Resultatet i denne krevjande konkurransen skulle vise seg å bli atter eit bevis på kva ein kan oppnå med riktig forberedelse, mental styrke, og ein god porsjon kjærleik til å springe rundt i fjella.


Eg kjende ikkje til Kyrgyzstan på førehand, men eg har konkurrert i Mongolia og Xinjiang området tidlegare som har mykje lik natur – for utanom dei massive fjella som vi nå skulle springe i. Landbruket sysselseter ein stor del av befolkninga og er ein viktig sektor. Kirgisistan er rik på mineral som gull og kol, samt at alle elvane i landet har eit stort potensial innan vasskraft.
Kirgisistan har ein rik kulturarv prega av nomadiske tradisjonar, med sterke innslag av musikk, poesi og handverk. Islam, spesielt sunniislam, er den dominerande religionen, sjølv om mange tradisjonelle skikkar framleis er utbredd. Å skilje mellom turist og lokalbefolkning var ikkje alltid lett då det er eit mangfold i befolkninga med fleire etniske grupper, noko som blir speila i utsjånad og dei kulturelle uttrykka.

Reise -Mountain Ultra

Eg tok fly via Istanbul til Bisjkek som er hovudstaden i Kyrgyzstan. Bishkek er ein «middels» stor by i areal og har dei fleste fasilitetar som vi kjenner frå europeiske byar. Med fire timar tidsforskjell frå Oslo, vart det til at eg vasa rundt i gatene seint på kveldane. Eg møtte berre fine folk og maten på resturanter var rimeleg og svært god.

Etter eit par dagar i Bisjkek reiste eg vidare med buss rundt Issyk-Kul sjøen som er den nest største høyfjellssjøen i verda, før vi kom til Karakol som ligg Nord-aust i landet mot Kasakhstan og Kina. Dette var ei reise som tok åtte timar og omgivnadene gav eit inntrykk av å reisa bakover i tid, desto lengre ut på landet ein kom.
Hovednæringa i Karakol vitner å vêre turisme då det er fantastiske forhold i fjella – med og utan ski. Flyplassen i Karakol er planlagt til å byggjast som internasjonal flyplass for turisme på vinterstid. På somarstid er det MC, hest og fotturistar i fjellet.

Når eg kom til avtalt hotell i Karakol møtte eg dei andre deltagerne. Dei ankom ei veke før og hadde vore med på ein organisert tur over fleire dagar i høgfjellet for å akklimatisera seg til konkurransen.

Utstyr – Mountain Ultra

Dagen før vi reiste opp i fjella der vi skulle starte konkurransen var det «kit check» der alt personleg utstyr blir møysomeleg kontrollert. Det er ikkje farleg, men det er forbundet med ein viss risiko å delta i denne konkurransen. Deltakera av konkurransen må ha alt obligatoriske utstyret som arrangøren krever skal være med i ryggsekken/vest for å få stille til start. Eksempel på standardutstyr er enkeltmannspakke, gps, sovepose og mat. Grunnlaget for obligatorisk utstyr er basert på arrangørens og lokalbefolkninga si erfaring med vêr og menneskelige utfordringar i fjellet.
I denne konkurransen vart det krevd blant anna «vanntett skallbekledning», noko som er ei selvfølge for folk som har vore i høge fjell over fleire dagar. Nokre av dei som mangla erfaring med høge fjell, men som tidligare har pakka lett til ørkenløp prøvde å få godkjent enkle og tynne regnjakker og ditto bukse for å spare vekt – dei måtte ut og handel før dei fekk starte.

Det blei også utført tilfeldige kontroll av innhold i ryggsekkane undervegs i konkurransen. Dette for å påse at deltakerne tar vare på utstyret og hindre at nokon tar ut viktig utstyr som overlevelseposer o.l. for å spare vekt.

Kombinasjonen med lett sekk og kvalitet på utstyr er ikkje alltid lett å kombinere. Betydning av å velje kvalitet har mykje å seie når eg konkurrerer i ødemarka, då eg ikkje kan kjøpe meg noko nytt eller bytte ut undervegs. Eg har lært meg å reparere og ta vare på det eg har, noko eg tek med meg inn i kvardagen òg.

Mountain Ultra
Klar til start – 06:00, Mountain Ultra 2024

Opp i Tian Shan fjella

Tian Shan fjellområdet, der starten av konkurransen blir arrangert ligg nord-aust i landet og krev seks timar med spesialtransport på grove fjellvegar opp frå Karakol.

Førebuing til konkurransen

Du bør ha ei indre drivkraft og like å slite litt for å halde på med denne aktiviteten i lengden – og det har eg. Distansane er ofte eit resultat av kor mykje tid eg set av til trening, og det krev tolmod, evna til å handtere utfordringar, press og motgang med ein stabil haldning sjølv når ting ikkje går som planlagt. For meg er den mentale styrken like viktig som fysisk kapasitet – evna til å håndtere dei tøffaste situasjonane og finne løysingar der andre gjev opp. Dette er eit avgjerande verktøy i risikohandtering, både på løpebanen og i livet. Andre element som eg ser på som viktig er god på planlegging, erfaring, kultur og mellommenneskelege verdiar og ønske om å lære av andre. Som person trekkes eg mot spenning og det å presse grensene og er stadig på søken etter meistringskjensla mentalt og fysisk på fleire plattformer.

Mountain Ultra

Beyond the Ultimate

Eg er veldig bevist på at eventyra mine har eit fotavtrykk på naturen, både når det gjeld utslepp frå transport og påverknad på dei stadene eg besøker. Eg prøver så godt eg kan å halde avtrykket mitt på eit minimum ved å ikkje reise meir enn nødvendig, ferdast sporlaust og delta på konkurransar som har søkjelys på berekraft. Det at Beyond the Ultimate som arrangør gir tilbake til lokalmiljøet i form av utbedring av infrastruktur, sysselsett lokal befolking og ikkje sett spor eller legg igjen søppel i naturen betyr mykje for meg ved valg av konkurranse.

Mountain Ultra - Kyrgyzstan
Mountain Ultra – Kyrgyzstan

Den nest eldste

Som den nest eldste deltakeren i konkurransen, viste eg ein svært god innsats. Trass i problem med magen dei første dagane, som krevde bruk av Imodium og isolat for å beskytte dei andre, kjempa eg meg gjennom dei to første etappane.

Med kraftige antibakterielle tabletter, ein urokkeleg vilje, rå på navigasjon og med god hufseteknikk i dei brutale motbakkane kunne eg dominere dei siste tre etappane, der eg var førstemann i mål kvar dag. Dette resulterte i ein flott andreplass i eit felt som inkluderte topptrente internasjonale deltakarar som meritterte løpera, spesialsoldater og forskjellige eventyrera med erfaring frå ekstreme miljø.

Alltid eit smil på lur
Sjarmerande og alltid eit smil på lur

I ein konkurranse der eg kunne vere far til den yngste og likevel avlevere på eit så høgt nivå er eit vitnesbyrd som er knytt til min dedikasjonen, erfaring og mentale styrke. Alder er ikkje er ei avgrensing i desse lange og komplekse konkurransane, men snarare ein faktor som underbygger erfaring og innsikt.

Den krevjande naturen i Tian Shan-fjella, med sine varierte landskap og uføreseielege vêrforhold, gjorde konkurransen til ein tøff utfordring. Samtidig fekk eg bevege meg i eit av dei mest spektakulære naturlandskapa i verda, ei oppleving som eg vil hugse for alltid.

Mountain Ultra
God drikke ved målgang for første og andre plass
Mountain Ultra – Tian Shan