Kva er best for løping?

Løping i den norske fjellheimen med krevjande vêrforhold fordrar rett kledning for å halda seg tørr og komfortabel. Som ein erfaren ultraløpar, guide og eventyrar, har eg lært av å velja rett mellom regntøy eller skallbekledning avhengig av varighet og omgjevnader.

Skillnad

Når man skal velge klede for løping og eventyr med nedbør, er det greit å forstå dei best egna bruksområda for regntøy og skallbekledning. Det første eg prioriterer er klede med limt saum og vasstett glidelås. Ei god hette der eg kan vri på haude utan at halve jakka følge etter eller at fjeset forsvinn inn i hetta er også noko eg sett pris på. Her er nokre skilnader på desse to kategoriane.

RegntøySkallbekledning
MaterialeVanlegvis laga av lettare materiale, ofte med to- eller to-og-et-halvt-lags konstruksjon. Dette inneber eit vasstett ytre lag og eit pustande indre lag.Består av tre lag: eit slitesterkt ytre lag, ein vasstett og pustande membran i midten, og eit fôr på innsida som vernar membranen og gir komfort.
PusteevneSjølv om regntøy har pustande eigenskapar, er det ikkje like effektivt som skalkledning. Det fører oftere til kondens på innsida, spesielt ved høg aktivitet som ofte springing er.Trelags konstruksjon har betre pusteevne og har ventil via lomme eller glidelås, noko som reduserer kondens og held deg tørrare under intens aktivitet.
VassøyleRegntøy har vanlegvis ei vassøyle på opptil 10.000 mm, som gir tilstrekkeleg vern mot regn for kortare periodar.Skalkledning har ofte ei høgare vassøyle frå 20.000 mm, noko som gir overlegent vern mot kraftig og langvarig regn.
VindvernGir godt vern mot vind, men materialet er tynnare og gir mindre isolasjon mot kulde.Har tjukkare materialet gir overlegen isolasjon mot kald vind, noko som er avgjerande i fjell- og vinterforhold.
VektRegntøy er lett og kan pakkast kompakt, noko som gjer det ideelt for korte turar og løp kor vekt og plass er kritisk.Skalkledning veg meir og tek meir plass, men gir til gjengjeld betre vern og komfort i ekstreme forhold.
Tillegg Enkel å ta på og av, noko som er nyttig i raskt skiftande vêrforhold.Ofte utstyrt med ventilasjon som glidelås under armane og andre luftventilar for å sleppa ut overskotsvarme.
BruksområdeIdeelt for aktivitetar som varer mindre enn eit døgn, og der ein er nær sivilisasjon og raskt kan søkja ly. Best for moderate forhold kor ekstreme temperaturar og langvarig regn ikkje er forventa.Perfekt for lange konkurransar og turar over fleire dagar i fjell og villmark der vêrforholda kan vera svært varierande og tøffe. Ideell for situasjonar med kraftig nedbør, sterk vind og låge temperaturar.

Regntøy for korte løp og raske fjellturar

Ei enkel regnjakke og regnbukser er ofte mitt val for konkurransar og fjellturar som varer kortare enn eit døgn. Desse er lette, enkle å pakka samt at dei gir tilstrekkeleg vern mot regn for kortare periodar. Når løpet er nær sivilisasjonen, kan eg tillata meg å frysa litt, vel vitande om at eg raskt kan komma til ein varm stad.

Regntøy med ei vassøyle på opptil 10.000 mm er ofte tilstrekkeleg, men det kan vera utfordrande å halda varmen og unngå kondens. Her kjem basislag av netting i polypropylene inn som den beste løysinga for å unngå at regnbuksa eller jakka klistrar seg til huda.

Regntøy eller skallbekledning
Basisklede i netting av polypropylene for å unngå at regnbuksa klistrar seg til huda

Skalkledning for lange eventyr i vill natur

Når eg deltek i konkurranser eller spring turar som er over fleire dagar i villmarka, vel eg skallbekledning. Desse plagga, med sin trelags konstruksjon, gir betre isolasjon og held meg varm utan behov for ekstra lag mellom kroppen og buksa.
Skalbukser og -jakker er tettare og veg litt meir, men dei har ofte ventilar og glidelås som slepper ut kondens, noko som er avgjerande for komforten over lange distansar. Desse plagga er også meir slitesterke med tanke på krattskog, steinur og lyng – overlegen beskyttelse, komfort og holdbarhet, selv om det er tyngre og meir kostbart.

Pakker for alle vêrtypar

Når eg pakkar for lange løp over fjell og gjennom vill natur, er det ein balansegang mellom vekt og funksjonalitet. Ein lett sekk er essensielt, men eg må vera førebudd på alle vêrtypar.
Eg inkluderer ofte ei svært lett vindtett jakke som motstår litt regn, puster godt og i tillegg ein meir robust, men lett skallbekledning i pakkelista.
Denne kombinasjonen sikrar at eg er beskytta mot vind, yr og lett regn samt uvêr og langvarig regn.

Røff skallbukse og lett skalljakke med god hette
Røff skallbukse og lett skalljakke med god hette