Først vart Sahara Race avlyst på grunn av IS i Jordan, så skulle løpet flyttast til Egypt, men vart der igjen flytta til Namibia – men avlyst på grunn av Covid-19. Det måtte tre påmeldingar til for at eg endelig skulle få løpe dette siste av fire obligatoriske løp i 4desert-serien samt at eg har løpt RacingThePlanet: Ecuador i 2015 som er i samme serien.

250 kilometer igjennom ørken med kjæreste

Sommaren 2021 vart flott for meg, da den førte med seg ein somarflørt som utvikla seg til eit forhold fylt av kjærleik. Eg falt for ei makalaus dame frå 70.talet som heite Liss og vart oppfostra på fisk, tare og tang i fjæresteinane på ei forblåst øy i Kvæfjorden. Sia den tida har ho overlevd fleire teltdøgn i villmarka utanfor Roskilde og endt opp med å bli eit råskinn med klør og terrengsko som er ein fryd for augene. I sommar spurde ho med ei tilfeldig bisetning kva slags løp eg hadde meldt meg på utover vinteren og i neste åndedrag såg ho meg djupt i augene og sa «æ vil bli med». – Fy f… Det her kan bare bli bra, eller…

Sannsynligheten for å komme levande ut av ørken vil henge saman med at Liss ikkje frys, får nok mat, kvile og søvn. Kort oppsummert – alle element som i tillegg å løpe blir satt på prøve i denne type konkurranse. Men klarer eg å få disse element på plass, spring Liss frå dei fleste.

Covid-19 – reise, ei uke i telt og 28 nasjonar

Den store utfordringa i denne konkurransen som resten av verden var reisevirksomhet og Covid-19, om denne konkurransen i det hele tatt kunne gjennomførast. Vi fulgte særs godt med på Namibia, men måtte også forholde oss til lokale reglar i Tyskland og Sør-Afrika der vi skulle mellomlande.

Namibia

Det bor litt over to million i Namibia som er blant de landene i verden med lavest befolkningstetthet. Majoriteten er av afrikansk avstamning og ein minoritet på 6 % er av europeisk opprinnelse hvorav nesten alle er afrikansk språkleg. Kristendommen er viktigste religion og Namibia er det eneste landet utenfor Europa og USA med en lutherske majoritet.

Krav om fersk Covid-19 test (maks 72 timer gammel).

Racing the Planet som er den mest etablerte arrangøren av etappeløp har alltid god sikkerhet og godt med helsepersonell med på konkurransane. Så deira plan om gjennomføring og tilrettelegging av sjølve konkurransen var lett å akseptere – der blant anna alle måte ta ein ekstra covid-19 test ved ankomst. I etterkant ville deltagerne bli plassert med god avstand frå kvarandre i store lagstelt. I tillegg var det påbud med munnbind i leiren og mulighet for å sette opp eget telt.

Forberedelser

Det er hovedsaklig å sette ein fot foran den andre som tel – men i ein konkurranse som dette skal man være sjølvberga med mat og egna utstyr – alt i ein sekk som du skal løpe med på ryggen. Det krev meir planlegging men gir ein god mestringsfølelse når valga er riktig.

Samspel og utvikling

For meg har livssituasjon med Covid-19 og heimekontor medført isolasjon, meir arbeid på fritiden og mangelfullt sosialt og instrumentelt samspel med kolleger. Dette eventyret ville være ei etterlengta pause som bryt opp rytmen saman med likesinna og min store kjærleik. Vi vil være i ei eiga boble – utilgjengelig og langt vekk fra rollene vi har i kvardagen.

Det er svært krevjande å løpe som team i ein konkurranse som varer i fleire dager. Det blir ikkje mindre krevande når teamet er kjærastar. For å lukkast vil gjensidig respekt for den andres selskap og felles verdiar være eit godt fundament.

I konkurransen er vi langt utanfor komfortsonen til det «normale» mennesker som gir oss ein ekstra dimensjon der felles mål og utfordringar gir næring til vårt indre liv. Vi vil måtte jobbe saman på fleire plattformer; utholdenhet, fysikk, motivasjon, utstyr, risikovurdering, kultur, respekt, konkurrenter og våre verdiar.

Utstyr

Av utstyr til ein konkurranse som dette er der noko som er nødvendig, kjekt å ha og noko som er påkrevd å ha med fra arrangøren si side. Mangel på utstyr som er påkrevd frå arrangør vil resultere i at du ikkje får starte og om det forsvinn underveis i konkurransen vil du som deltager bli diskvalifisert eller få straffetid.
Utstyr er noko eg synes er moro – så Liss overlot ansvaret til meg for å skaffe best egna utstyr og med mange års erfaring her eg endt opp med både to og tre eksemplar av «alt».

Meir om utstyr og bekledning til konkurransen kan du lese her: Utstyr for 250 km i Namibia

Trening

Utenom løping trener Liss og eg styrketrening – med overkropp og kjernemuskulatur som fokus – eit par – tre gongar i veka. Beina får kjørt seg ellers med intervall i motbakkar, lange løpeturer i fjellet, til jobb og nokre rundar i nabolaget – om vinteren erstattes løping med ski. Styrketreningen gir ein god haldning for overkropp og er til god hjelp når ein sekk på sju til ti kilo skal henge på ryggen i fleire dager i strekk.

Mat

Utval av mat og energi som skal i sekken og ut i ørkenvarmen er ei vesentlig utfordring. Det er maten som veg mest i ein sekk så her må vi velge med omhu.
I nokre land er det restriksjoner om innførsel av mattyper og i tidligere løp har bagasjen ikkje komme fram til tide, så det er viktig å sjekke tilgang på alternativ kost i landet som er destinasjon. Eg har ved tidligare konkurranser i andre land blitt fratatt mat i tollen – ofte i relasjon til energi-pulver og tørrmat som er vanskelig å identifisere. Ettersom vi skal være ei veke i telt var det viktig for oss er å ha ein variert kost og etter eit par dager i med løping er man lei av gel og pulver. Vi tok også med litt potetgull og lakris for å ha no kos på kveldene.

Mat før og etter dagsetappene besto av tørrmat som gi flest kalorier per gram og her favoriserer eg Real Turmat med best konsistens og smak, men vi hadde også med nudler og suppepakker som lunsj.
Underveis i etappene er det Tailwind, gel og «brus-tabletter» som benyttes som tilskudd – i tillegg hadde vi med favoritten min – Tailwind sjokolade recovery-pulver som drakk etter å ha fullført dagsetappene.

Konkurransen

Starten på ein konkurranse som dette er utrolig deilig – forløsning. Man får ikkje endra meir på utstyr, resultatet av trening og forberedelser skal realiseres. Og når startskuddet går minner det mest om fjøsdøra som blir opna etter ein lang vinter og våryre kyr skal ut på beite. Med eigen sjølvinnsikt hengande etter, jager dei fleste konkurrentane avgarde i for høgt tempo. Dette kan vi så alt for godt, så det er bare å finne vårt tempo. Liss var i best form, så ho kontrollerte i forkant.

Etter ei stund kjem spørsmålet som får fram smilet «Ka fan gjer eg her?» Svaret var ved min side – smilet til den brutale dama som dreg meg gjennom denne spektakulære naturen – heilt fantastisk! Vi løp oss oppover til ledelse og daglig var det bare tre – fire som passerte mållinja før oss. Underveis i etappene drakk vi oss lei Tailwind og gel – den lange dagen hadde vi Beef Jerkey og nudler som holdt oss godt fornøyd.

– den brutale dama som dreg meg gjennom denne spektakulære naturen –

Dagene som gjekk

Når vi daglig passerte mållinja hadde vi rikelig med tid til å dyrke oss sjølv, kvile – og spise. Det første vi gjorde etter målpasering var å blåse opp liggeunderlag og sovepose for så å kose oss med ein halv liter Tailwind Recovery som var heilt fantastisk. Deretter var det kvile til vi igjen åt nudler eller suppe som lunsj. Til middag og frukost var det Real Turmat.

Fokus er viktig

Det er greit å «tune» sekken litt, men ofte i konkurranser ser eg både første og andre dagen at deltagere sit å kaster innhold på bakgrunn av andre konkurrenters valg i sin sekk. Moralpreika mi er : Det er viktig å holde seg til sin eigen plan – dei val som er riktig for ein annan, er ikkje riktig for deg. Det samme gjelder for tempo i konkurransen: Der er bare eit riktig tempo – ditt eige.

Å løpe i team med nokon i ein konkurranse som dette var nytt for meg og eg oppdaga at Liss er for meg den perfekte partner i mang ein sammenheng. Eg kan eksempelvis analysere detaljar til det endeløse og da er det flott å ha ei som skjær igjennom, tar ein avgjørelse og får oss videre.

Målgang og resultat

Vi løp med temperaturer godt opp på tredvetallet, evige motbakker med sand som sug til seg føtene, store hav av svart magnetisk stein, kvite sletter med busker fulle av torner og trær med svært farlig gift. Vi hadde i forkant vært uheldige med trening og opplading der Liss hadde løpeforbud med spesialsåle og eg prolaps i ryggen med fire løpeturer på dei siste tre månadene. Uansett – når vi fikk på startnummer var dette gløymt og vi spant i sanda . Det såg ut som at andre hadde fått akutt kneråte og vi endte på ein femte plass sammenlagt.

Konkurrenter og arrangørar bemerka underveis og i etterkant kor samspelet vi var. Igjennom heile konkurransen var det vi og «korleis har du det

Målgang

Etter eit løp som dette kjenner eg på viktigheten i å få reflektere over det eventyr og den opplevelse eg har hatt saman med ei som nokre månader tidligare var ein sommarflørt og har nå bygd seg til å bli eit fantastisk forhold med glødande kjærleik og vennskap. Eg er så fornøyd og umåtelig stolt av dama mi…

Stillhet

Etter konkurransen koste vi oss ett par dager som turister med god mat og når eg kom heim til Hakadal hadde eg gått opp to kilo. Vi skal snart dra på eventyr igjen.